‒ Rettferd er ein vesentleg komponent når me snakkar om "berekraft" og "grøn omstilling"

Sebastian Lundsteen Nielsen har forska på kjemisk forureining og miljørettferd. Han argumenterer for eit nytt paradigme der vi mellom anna er nøydd til å tenkje skade, forureining og rettferd på nytt.

Publisert Sist oppdatert

mann med kort hår og armene i kors
Sebastian Lundsteen Nielsen har forska på miljørettferd og kjemisk forureining. (Foto: Privat)

Sebastian Lundsteen Nielsen er samtidshistorikar innan miljøhumaniora og har i sin doktorgradsavhandling forska på kjemisk forureining og miljørettferd.

Kva fann du ut?

‒ I avhandlinga mi peikar eg på fleire omstende som har konsekvensar for korleis vi oppfattar og handterer forureining. Det kan til dømes vere økonomiske resonnement som styrer kva vi meiner er forureining, men òg visse former for ekspertise, politiske eller endå til teknologiske faktorar kan vere avgjerande for forståinga vår av kva forureining er, korleis ho er, og kva vi kan gjere med ho (eller ikkje gjere med ho).

‒ Desse - særleg strukturelle - faktorane produserer ei form for usemje mellom dei som regulerer eller overvakar forureining, og dei som bur i område som har opplevd forureining over fleire generasjonar. Slik kan det oppstå situasjonar som vert opplevd som urettferdige for den einskilde, men som er heilt legitime i forhold til lova og dessutan eit uttrykk for normal praksis.

‒ Gjennom arkivarbeid, feltarbeid og forskingsinkluderande metodar plasserer eg rettferdsteoretiske diskusjonar i den nordiske velferdsstaten som kontekstuell ramme. Her har eg forsøkt å forstå og "finne ut av" korleis urettferd produsert gjennom miljømessige forhold, noko eg argumenterer for signaliserer eit forholdsvis nytt paradigme der vi mellom anna er nøydde til å tenkje skade, forureining og rettferd på nytt.

Kva kan forskingsfunna brukast til?

‒ Avhandlinga kan sjåast som ein nyare tilnærming til miljø- og velferdshistorie som introduserer diskusjonar om ei rekkje hittil underbelyste tema. Ho sluttar seg til den aukande gruppa av forsking som insisterer på rettferd som ein heilt vesentleg komponent når ein snakkar om "berekraft" og "grøn omstilling." Dessutan problematiserer avhandlinga mange narrative om den nordiske regionen, inkludert at ein er meir miljøorientert enn andre stader, at velferdsstaten rettferdig omfordeler goder og ressursar likt, det idylliske biletet av borgar og stat samt oppfatninga av ekspertise og kunnskap som politisk uavhengig.

Avhandlinga blir forsvara den 21. juni 2024. Avhandlinga heiter "Submergence: Environmental Justice and the Specter of Chemical Pollution." Du finn den elektronisk her.