Stavanger-forskarar på Viten-TV

UiS har lansert dei første filmane i serien Forskningsglimt på Viten-TV. Kvar film gjev publikum 4 minutt topp klasse forskingsformidling.

Publisert Sist oppdatert

Collage av mange foto av folk som står og presenterer på en scene
Forskarar frå UiS, SUS og VID deltok på Forskar Grand Prix 2024 i Folken i september med god forskingsformidling. No kjem dei alle på TV! Foto: UiS / Line Hausken

Ti av atten presentasjonar av den nye serien Forskningsglimt er tilgjengelege på Viten-TV. Fleire filmar blir publiserte dei komande vekene.

Forskningsglimt på Viten-TV:

Publisert 3. april 2025:

Slik kan alle få rimelige og bærekraftige boliger
Hvorfor tar grønn omstilling så lang tid? Del 1
Hvorfor tar grønn omstilling så lang tid? Del 2
Finn skjulte skattar med sjølvkøyrande robotar. Del 1
Finn skjulte skattar med sjølvkøyrande robotar. Del 2

Publisert 20. mars 2025:

Tolletaten – bare kvota og narkotika?
Hvorfor blir tolletaten glemt?
Lesing av akademiske tekstar i ei digital tid
Hva gjør leddgikt med fertiliteten hos menn? Del 1
Hva gjør leddgikt med fertiliteten hos menn? Del 2

Viten-TV blei lansert sist haust og er ein ny kanal for forskings- og kunnskapsformidling. Viten-TV eiges og drives av tre universitet og ei høgskule: Universitetet i Tromsø (UiT), Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Stavanger (UiS).

Svartlamon – viser veg mot ein tredje boligmarknad

Mange har ikkje råd til å bo i ein by. Anten det er å eie eller å leige.

Veronika Lorentzen sleit med å finne ein god heim då ho kom til Noreg. Ho grunna også på forskinga si som handla om grønn omstilling. Handlar det berre om ny teknologi og innovasjon?

Så fant ho svaret på begge utfordringane: Svartlamon.

I denne bydelen i Trondheim kan folk få tilgang til rimelege boligar og tilgang til forutsigbare leigeforhold. Bydelen er tufta på medverknad og sjølvstyring. Berekraft står sentralt.

Som forskar er Lorentzen interessert i korleis samfunnsomstilling skjer:

– Forandring kan starte med ueinigheit, vere kaotisk og ta tid. Svartlamon blei født ut av kamp og kaos, og har no vokst seg fram til noko som kan bidra til å endre boligmarknaden i Noreg, meiner ho. Det grønne skiftet kan altså ta form av eit mikrohus i eit byøkologisk forsøksområde.  

Sjå filmen på Viten-TV: Slik kan alle få rimelige og bærekraftige boliger

Tolleetaten blir ofte oversett

To av filmane er med Sasan Zarghooni-Hoffmann. Han tek ein doktorgrad ved risikostyring og samfunnssikkerheit ved UiS – og kom på delt andreplass i Forskar Grand Prix 2024, den nasjonale finalen i forskingsformidling i regi av Forskingsrådet.

– Tolletaten er den etaten som bidrar til flest område innan samfunnstryggleik, men det er det nesten ingen som veit, seier Sasan Zarghooni-Hoffmann. Han forskar på samfunnstryggleik ved UiS.

En mann står og presenterer på scenen
Stipendiat Sasan Zarghooni-Hoffmann fortel om kvifor det er så sabla viktig at myndigheitene endrar tankesett når det gjeld Tolletaten.

UiS-forskaren har sett nærmare på Tolletatens måte å samarbeide med andre etatar på. Konklusjonen er at Tolletaten skil seg veldig frå andre etatar og samvirke i Noreg. Difor blir deira bidrag lett oversett. Og kanskje særleg i kriser.

Sjå Zarghooni-Hoffmann sine to presentasjonar på Viten-TV:
Tolletaten – bare kvota og narkotika?
Hvorfor blir tolletaten glemt?

Les også forskning.no-saka: Forskar: Tolletaten blir lett oversett. Og spesielt i kriser.

Mikropausar er viktige når du les

Marte Pupe Støyva er leseforskar og stipendiat ved Nasjonalt Lesesenter. I presentasjonen fortel Støyva at studentar treng tid, konsentrasjon og evne til å fordjupe seg for å kunne lese ein lang tekst. Det kan vere vanskeleg.

– Vi veit at mange studentar slit med å konsentrere seg og å lese lange tekstar, fortel Støyva.

Ved å observere og intervjue studentar har Støyva funne ut at studentane les godt når dei skriv og tenker med teksten, når dei blar fram og tilbake, les høgt, og plutseleg ser ut i lufta og reflekterer over teksten.

– Det er ein viktig prosess, seier forskaren som har sett at lesinga – når den er god – kan vere kaotisk. Ho har også funne at mikropausar i lesing er svært viktig.

Kvinne står på scene og smiler
Ifølge leseforskar Støyva er det mykje som er i endring og annleis samanlikna med korleis studentane las pensum for ti-tjue år sidan.

Ho meiner det er viktig at studentane prøver å vere aktive lesarar – arbeide aktivt med teksten og ta pausar.

– Gevinsten du då får er ny kunnskap, betre konsentrasjon samt at du trenar hukommelsen din, språkforståelsen din og forestillingsevna di, fortel forskaren.

Ein får altså mykje igjen for å streve med ein lang tekst.

Sjå presentasjonen til Marte Pupe Støyva på Viten-TV: Lesing av akademiske tekstar i ei digital tid

Les også på uis.no: Lesing er ofte kaotisk

Kor fruktbare er menn med leddgikt?

Så til forskaren som vann regional finale i Forsker Grand Prix i Folken då ho vart kåra til Stavangers beste forskingsformidlar .

Ho er spesialist i revmatologi og indremedisin, og jobbar som overlege ved Stavanger universitetssjukehus. Ho tek doktorgraden sin ved UiB.

Sigmo har forska på om leddgikt kan påvirke menns evne til å få barn. Ho vart overraska over det ho har funne.

Kvinne med legefrakk på scene med hendene opp
Gjekk til topps i regional Forskar Grand Prix i Folken i september 2024. No kan du sjå ho på tv.

Sjå dei to presentasjonane med Gudrun David Sigmo på Viten-TV:
Hva gjør leddgikt med fertiliteten hos menn? Del 1
Hva gjør leddgikt med fertiliteten hos menn? Del 2

Les også forskning.no-saka: Menn med leddgikt får fleire barn enn andre menn

Frå NRK til Viten-TV

Forskningsglimt-serien består av filmopptak av doktorgradsstipendiatar knytt til UiS, SUS og VID som deltok på Forskar grand prix hausten 2024.

I forkant av Forskar Grand Prix har Berit Aarrestad med støtte frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS kursa deltakarane i formidling, dramaturgi og presentasjonsteknikk.

I over ti år har UiS produsert Forskar Grand Prix som ein tv-produksjon med mediestudentar bak kamera. Showet blei i alle år vist på NRK 2, Kunnskapskanalen.

I år har UiS filma kvar enkelt presentasjon i etterkant av Forskar Grand Prix for å publisere på Viten-TV, ein etterfølgjar av Kunnskapskanalen.

Filmane er produsert ved Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Foto: UiS / Line Hausken
Tekst: Karen Anne Okstad, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt