ECIU University Research Institute for smart European regions (Smart-ER) skal utforme, utvikle og implementere smartby-forsking.
2021 – 2024
EU, Horisont 2020
2 millionar euro
Smart-ER er eit forskingssamarbeid som er tett knytta til University, eit finansiert prosjekt som vil endre måten høgre utdanning blir utført på i Europa. Studentar, forskarar og eksterne partnarar går saman om å løyse utfordringar, som del av ei meir fleksibel og relevant utdanning.
På samme måte samler forskingsinstituttet Smart-ER eit breitt spekter av interessentar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, for å arbeide ut fra ein felles forskings- og innovasjonsagenda.
Ny forskingsmodell
Smart-ER vil implementere ein ny modell for å utføre forsking og innovasjon utan veggar. Det inneber å gå i dialog med samfunnet, skride over fag-, sektor- og landegrensar og basere seg på eit for det meste virtuelt forskingsmiljø.
Institusjonane vil saman prøve ut kapasitetsbyggingsprogram (Seed Programme og SMART-ER Academy) og innbyggarinvolvering i forsking. I desse vil dei prøve ut mekanismane og strukturane som blir utvikla i prosjektet.
Partnarar:
Alle partnarane i dette prsojektet er medlemar av European Consortium of Innovative Universities (ECIU), som saman har etablert ECIU University. Partner-liste med land i parantes:
- Universitetet i Twente (NL)
- Aalborg-universitetet (DK)
- Dublin City University (IE)
- Teknologiuniversitetet i Kaunas (LT)
- Universitetet i Linköping (SE)
- Universitetet i Tampere (FI)
- Det tekniske universitetet i Hamburg (DE)
- Universitetet i Aveiro (PT)
- Universitat Autonoma de Barcelona (ES)
- Universitetet i Stavanger (NO)
- Universitetet i Trento (IT)
- INSA - Institut National des Sciences Appliquées (FR)
Kontaktpersonar på UiS
Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for prosjektadministrative tjenester