UiS får millionstøtte frå EU til forsking på pandemiens etterverknader

Korleis har koronapandemien påverka unge si overgang frå studiar til arbeidsliv? Det har forskarar frå UiS fått fleire millionar til å finna ut av.

Publisert Sist oppdatert

Tre unge mennesker sitter i en sofagruppe.
Prosjektet NEXT-UP skal forske på korleis koronapandemien har påverka unge si overgang frå studiar til arbeidsliv. Foto: Elisabeth Tønnessen.

Det er prosjektet NEXT-UP, der Universitetet i Stavanger er ein av elleve europeiske samarbeidspartnarar, som nyleg har fått tildelt 2,91 millionar euro frå EUs Horizon Europe-program.

– Å få midlar frå Horizon Europe er ei anerkjenning som både heidrar prosjektets kvalitet og betydning. Det gir oss ressursane me treng for å realisera ideane og måla våre, samstundes som det fremjar samarbeid med leiande ekspertar og institusjonar, seier Dian Liu, førsteamanuensis ved UiS.

Eit forskingsprosjekt med stor betydning

Føremålet med NEXT-UP er å undersøkja og føreseia dei langsiktige effektane koronakrisa har hatt på unge si overgang frå utdanning til arbeidsliv.

– Prosjektet vil bidra til å skapa evidensbaserte, framtidsretta politiske tiltak og program, seier Liu.

Gjennom NEXT-UP håpar forskarane å utvikla innovative strategiar og verktøy som kan støtta ungdommen i å møta arbeidsmarknadens utfordringar.

Kvinne med mørkt hår og mørke klær ser inn i kamera omringet av trær med grønne blader.
Førsteamanuensis Dian Liu. Foto: UiS/Live Kolstad Kvalsvik.

Fleire millionar kroner til UiS-delen av forskinga

Forskarteamet ved UiS, leia av Liu, har ansvar for den delen av prosjektet som skal sjå særleg på strukturelle endringar i utdanning og arbeidsmarknad i det post-pandemiske Europa.

Prosjektet vil undersøkja korleis pandemien har påverka utdanningsplanar, læringsstrategiar, arbeidsmarknadens krav til ferdigheiter, arbeidsformer og offentlege politiske tiltak.

— Gjennom samarbeidet med dei andre partnarane vil me utvikla ein modell som kan føreseia framtidige overgangsscenario for ungdom i utvalde europeiske regionar, fortel Liu.

UiS’ del av prosjektet mottek rundt fire millionar kroner.

Oppstart og varigheit

Prosjektet har sitt utspring frå Stavanger-Lingnan Research Symposium 2022, ei forskingsplattform som samlar forskarar frå ulike fagfelt. Prosjektet startar i 2025 og vil gå for seg i tre og eit halvt år.

I tillegg til Liu, deltek professor Tatiana Iakovleva og førsteamanuensis Thomas Michael Sattich frå UiS i prosjektet.