Korleis har koronapandemien påverka unge sin overgang frå studium til arbeidsliv? Det har forskarar frå UiS fått fleire millionar til å finna ut av.
![Tre unge mennesker sitter i en sofagruppe.](/sites/default/files/styles/large/public/2024-09/Studenter.jpg?itok=6qIkztDm)
Det er prosjektet NEXT-UP, der Universitetet i Stavanger er ein av elleve europeiske samarbeidspartnarar, som nyleg har fått tildelt 2,91 millionar euro frå EUs Horizon Europe-program.
– Å få midlar frå Horizon Europe er ei anerkjenning som både heidrar prosjektet sin kvalitet og betydning. Det gir oss ressursane me treng for å realisera ideane og måla våre, samstundes som det fremjar samarbeid med leiande ekspertar og institusjonar, seier Dian Liu, førsteamanuensis ved UiS.
Eit forskingsprosjekt med stor betydning
Føremålet med NEXT-UP er å undersøkja og føreseia dei langsiktige effektane koronakrisa har hatt på unge si overgang frå utdanning til arbeidsliv.
– Prosjektet vil bidra til å skapa evidensbaserte, framtidsretta politiske tiltak og program, seier Liu.
Gjennom NEXT-UP håpar forskarane å utvikla innovative strategiar og verktøy som kan støtta ungdommen i å møta arbeidsmarknaden sine utfordringar.
![Kvinne med mørkt hår og mørke klær ser inn i kamera omringet av trær med grønne blader.](https://www.uis.no/sites/default/files/2024-09/Dian%20Liu%20IMS.png)
Fleire millionar kroner til UiS-delen av forskinga
Forskarteamet ved UiS, leia av Liu, har ansvar for den delen av prosjektet som skal sjå særleg på strukturelle endringar i utdanning og arbeidsmarknad i det post-pandemiske Europa.
Prosjektet vil undersøkja korleis pandemien har påverka utdanningsplanar, læringsstrategiar, arbeidsmarknadens krav til ferdigheiter, arbeidsformer og offentlege politiske tiltak.
— Gjennom samarbeidet med dei andre partnarane vil me utvikla ein modell som kan føreseia framtidige overgangsscenario for ungdom i utvalde europeiske regionar, fortel Liu.
UiS sin del av prosjektet mottek rundt fire millionar kroner.
Oppstart og varigheit
Prosjektet har sitt utspring frå Stavanger-Lingnan Research Symposium 2022, ei forskingsplattform som samlar forskarar frå ulike fagfelt. Prosjektet startar i 2025 og vil gå føre seg i tre og eit halvt år.
I tillegg til Liu, deltek professor Tatiana Iakovleva og førsteamanuensis Thomas Michael Sattich frå UiS i prosjektet.