Nærings- og offentleg sektor-ph.d.

Er du tilsett i ei bedrift og ønskjer å ta ein doktorgrad ved sidan av jobb? Eller treng di offentlege verksemd forskarkompetanse? Då kan ein nærings-ph.d. eller offentleg sektor-ph.d. vere noko for deg og verksemda du er tilsett i.

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Varigheit

Doktorgraden gjennomførast over tre år (100 %) eller fire år (75 %).

Eit samarbeid mellom

den tilsette/ph.d.-kandidaten, verksemda og UiS.

Har din virksomhet et umøtt forskningsbehov?

Om ordninga

Ein offentleg sektor- og nærings-ph.d. er eit samarbeid mellom ph.d.-kandidaten, arbeidsgivaren til kandidaten og Universitetet i Stavanger.

Møter forskingsbehov

Ordninga møter verksemda sine forskingsbehov og gir forskarkompetanse til eigne tilsette. Den tilsette får ei utdanning tilpassa sitt eige arbeidsfelt, og vil bidra med forskingsbasert innsikt til verksemda sine eigne utfordringar. Etter endt doktorgrad vil kandidaten ha særegen kompetanse innan både praksisfeltet og akademia.

Få økonomisk støtte til prosjektet

Forskningsrådet (NFR) gir økonomisk støtte til verksemder som inngår ein avtale med UiS og ein ph.d.-kandidat. Dette tilsvarar halve stipendsatsen i tre år. Utbetalinga gis som prosjektstøtte til bedrifta og ikkje som personleg stipend til kandidaten.

Ph.d.-kandidaten blir lønna dels av verksemda og dels av Forskningsrådet gjennom prosjektperioden. Det økonomiske tilskotet frå NFR inneber støtte for inntil ein halv stipendiatsats i til saman tre år.

Universitetet i Stavanger dekkjer kostnadene for hovudrettleiar og eventuelt medrettleiar frå UiS, opplæringsdelen (ph.d.-kurs og emner), arbeidsplasskostnader i perioden kandidaten oppheld seg ved UiS, og utgifter ved midtveisevaluering og disputas.

Kom i gang med ein nærings- eller offentleg sektor-ph.d.

Nysgjerrig på ordninga? Slik kjem de i gang.

Arbeidsgivar og den aktuelle tilsette bør starte prosessen med å ta kontakt direkte til fagmiljøet eller ph.d.-administrasjonen ved UiS. Deretter set vi dykk i kontakt med det aktuelle fagmiljøet.

Den tilsette vil få beskjed om å sende inn sitt mastergradvitnemål for å sjekke om vedkommande er kvalifisert. Er den tilsette kvalifisert, sender vi dykk en bekreftelse på dette. Denne bekreftelsen skal leggast ved i søknaden til Forskningsrådet.

No kan de sende inn søknad om finansiering til Forskningsrådet. Arbeidsgivar er ansvarleg for å utforme og sende inn søknaden.

Kandidaten bør skrive prosjektbeskrivinga i samarbeid med sin komande rettleiar eller det relevante fagmiljøet ved UiS. Det er lurt å starte om hausten. Då kan søknaden være klar i februar/mars når søknadsportalen opnar.

Forskningsrådet vurderer søknadane fortløpande fram til potten er tom. Søknaden bør derfor sendast inn så fort den er klar. Saksbehandlingstida er på omtrent 6 veker.

Den tilsette må søkje om ph.d.-opptak ved UiS. Dette gjerast parallelt med at arbeidsgivar skriv søknaden til Forskningsrådet.

Opptakskrava til ph.d.-opptak ved Universitetet i Stavanger er:

  • Femårig mastergrad eller tilsvarande utdanning. Nokre av ph.d.-programma har krav om gjennomsnittskarakter B eller betre på dei to siste åra av masterstudiet, samt B eller betre på masteroppgåva.
  • Ei godt utarbeidd prosjektbeskriving som fell inn under eitt av våre ph.d.-program sine fagområde.
  • Ein finansieringsplan.

Kandidaten må fylle ut søknadsskjemaet (pdf). Søknaden og vedlegg sendast til administrasjonen på ph.d.-programmet du søkjer opptak til.

Når du får bekreftelse på opptak til ph.d.-programmet frå UiS, må du ettersende dette til Forskningsrådet. Når dette er ettersendt, kan verksemda inngå den endelege kontrakten med Forskningsrådet.

Når alle kontraktar er signerte, er prosjektet endeleg klart til oppstart!