Eit vellukka år for ph.d.-nettverket innan grøn omstilling

2024 var det første året ph.d.-nettverket innan grøn omstilling arrangerte jamlege aktivitetar for stipendiatar som arbeider med tema knytt til grøn omstilling. Frå oppstarten i mai til desember vart det gjennomført 11 samlingar med fokus på å bli kjent med andre stipendiatar, utveksle idear og samarbeide på tvers.

Publisert Sist oppdatert

Erfaringar frå det første året

I april vart det inngått ein avtale med ein stipendiat frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet om å ta på seg koordinatorrolla for å vedlikehalde og drifte nettverket. Stipendiaten arbeider sjølv med eit prosjekt om innbyggjarmedverknad og korleis ein kan skape gode møteplassar for informasjonsdeling.

Målet for nettverket er å samle stipendiarar gjennom sosiale aktivitetar og faglege samlingar og gi dei moglegheita til å bli kjende med kvarandre og utveksle idear. Nettverket skal bidra til dialog og samarbeid på tvers av fagmiljø som kan støtte stipendiatane i prosjekta deira og bidra til at dei kan utvikle betre løysingar på spørsmåla sine.

Nettverket består av om lag 60 stipendiarar, fortrinnsvis på første eller andre året av ph.d.-løpet. Sidan mai har nettverket arrangert 11 samlingar, med deltakarar som har variert frå 10 til 20 personar. Samlingane har vore både sosiale og faglege, og stipendiatane har vore engasjerte og interesserte i å delta og drive nettverket vidare.

Det tek tid å bygge opp eit slikt nettverk, men gjennom dei siste møta er det tydeleg at stipendiatane no begynner å sjå verdien av å ha ein slik møteplass. Dette er eit satsingsområde som kan ha stor betyding for stipendiatane og korleis dei løyser oppgåvene sine gjennom åremålet sitt, og vi ser fram til framtidige aktivitetar i 2025.

Avdeling for innovasjon og eksternt samarbeid støttar koordinatoren i arbeidet sitt og bidreg med ressursar til aktivitetar for nettverket.

Oppsummering av aktivitetane

Månadlege lunsjsamlingar

Lunsj jernaldergården
Lunsjsamling på Jernaldergården
ph.d. nettverket på Ydalir
Samling på Ydalir med presentasjon fra Avinor

Nettverket starta med å tilby månadlege lunsjsamlingar for stipendiatane for å gi dei ein samlingsplass til å bli betre kjende og snakke om grøn omstilling ved UiS og sine prosjekt. 6 lunsjsamlingar har blitt arrangert på ulike lokasjonar rundt om på campus. Året vart avslutta med eit halvdagsseminar på Ydalir hotell, der fleire ph.d.-prosjekt vart presentert, og stipendiatane kunne diskutere prosjekta saman. Forskar Jens Kaae Fisker fortalde om forskingsprosjektet NEBSTAR, og fagansvarleg ytre miljø ved Stavanger Lufthamn Sola, Ingvald Erga, fortalde om arbeidet med å klargjere flyplassen for elektriske fly, og korleis dei tek ansvar for å vere ein positiv bidragsytar til miljøet på ei rekke ulike område.

Skriveseminar til Egersund

Skriveseminar egersund
Stipendiatar på skriveseminar i Egersund

18 stipendiatar reiste på tur til Egersund i to dagar for å ha litt stille tid borte frå campus, der dei kunne fokusere på oppgåvene sine og dedikere nokre timar til skrivearbeid. Turen hadde også sett av god tid til sosialt samvær og fruktbare diskusjonar.

Coffee and cake

Kaffe og kake med ph.d.-nettverket
Samling med kaffi og kake

For å skape endå meir engasjement vart det igangsett 'coffee and cake'-samlingar éin gong i månaden. Nettverket hadde eit behov for å samle stipendiatane oftare enn éin gong i månaden for å gi dei moglegheita til å bli endå betre kjende og for å skapa eit godt grunnlag for nettverket vidare. To samlingar med kaffi og kake vart halde hausten 2024, og dette vil bli eit jamleg lavterskeltilbod for stipendiatane også i 2025.

Eksterne samlingar

Nettverket har også eit ynskje om å arrangere turar til eksterne aktørar for å bli betre kjende med kva som skjer i regionen. To samlingar vart halde saman med Stavanger kommune, ein workshop med World Energy Cities Partnership og ei samling for å forstå betre korleis kommunen arbeider med grøn omstilling.