Har forska på fjernarbeid og personlegheitstrekk – arbeidsengasjementet går ned hos spesielt éi gruppe

Forskarar har undersøkt korleis fjernarbeid påverkar ulike personlegheitstypar. Lars-Magne Laupsa er ekstrovert, og tilhøyrer ei gruppe som forskarane har lagt vekt på.

Publisert Sist oppdatert
Mann foran bygning, med sykler i bakgrunnen
Tidlegare UiS-student Lars-Magne Laupsa jobbar på Laerdal Medical i Stavanger.

– Nokre likar å jobbe når det er masse som skjer, og masse støy rundt seg. Andre jobbar best når det er heilt stille og roleg. Så det er nok veldig forskjellig frå personlegheitstype til personlegheitstype korleis ein leverer på heimekontor, seier tidlegare UiS-student Lars-Magne Laupsa, som no jobbar på Laerdal Medical.

På grunn av pandemien, har det vore mykje fokus på fjernarbeid og heimekontor dei siste åra.

Men det er få studiar som har undersøkt korleis fjernarbeid påverkar koplingar mellom personlegheitstrekk og prestasjon over tid. Forskarar frå Handelshøgskulen UiS, Nottingham Business School og Nasjonalt lesesenter ved Universitetet i Stavanger (UiS) har undersøkt nettopp dette i ein studie.

Målet med studien var todelt:

  1. Å utforske samanheng mellom personlegheitstrekk og jobbåtferd (arbeidsengasjement og innovativ arbeidsåtferd) og arbeidshelse (generell helse og sjukefråvær).
  2. Å utforske korleis fjernarbeid potensielt påverkar samanhengen mellom personlegheitstrekk og jobbåtferd/arbeidshelse.

Tanken bak dette er at fjernarbeid kan styrke eller svekke personlegheitstrekka sin funksjon, slik at tilsette presterer betre eller dårlegare, avhengig av grad av fjernarbeid.

Fjernarbeid kan redusere positive påverknader frå ekstroversjon

Prosjektleiaren bak studien, Espen Olsen, som er professor i organisasjon og leiing ved Handelshøgskulen UiS, fortel om funna:

– Vi ser at personlegheitstrekka har samanheng med korleis ein har det på jobb, både engasjement og åtferd. Ekstroversjon har veldig sterk samanheng med engasjement, innovativ arbeidsåtferd og generell helse. Medan nevrotisisme har sterkast samanheng med arbeidsengasjement, generell helse og sjukefråvær.

Studien viser at fjernarbeid kan redusere positive påverknader frå personlegheitstrekka ekstroversjon og det å vere samvitsfull.

801 norske arbeidstakarar på tvers av yrke, profesjonar og landsdelar deltok i studien. Deltakarane vart bedne om å fylle ut eit spørjeskjema to gonger over ein periode på eitt år.

– Vi har hatt to målingar. På måling 1 spurde vi om personlegheitstrekka. På måling 2 spurde vi om utfallsvariablane, som vi også kan kalle prestasjonar. At du er engasjert, har innovativ åtferd, at den generelle helsa er bra, og at du har mindre sjukefråvær. På måling 2 spurde vi kor ofte dei normalt har fjernarbeid. Då såg vi om det påverkar samanhengen mellom personlegheitstrekka og desse fire utfallsvariablane, forklarar Olsen.

Mann foran bygning
Espen Olsen, professor i organisasjon og leiing ved Handelshøgskulen UiS.

Kva tenkjer du arbeidsplassar bør gjere, basert på desse funna?

Det er særleg eitt hovudfunn som er viktig, og det er at større grad av fjernarbeid svekkjer dei positive effektane det å vere utadvendt har på arbeidsengasjement. Med andre ord, at arbeidsengasjementet for tilsette går ned med større grad av fjernarbeid. Menneske er flokkdyr og sosiale vesen, som har behov for å vere ein del av eit fellesskap. Det er viktig at det er sosiale møteplassar, at ein får tilbakemeldingar frå andre og samarbeider. Det er viktig å tenkje på dette med tanke på HR-politikk.

Scorar høgt på ekstroversjon

Resultata frå studien indikerte som forventa at dei fem store personlegheitstrekka («Big Five») var konsekvent relatert til arbeidsåtferd og arbeidshelse.

Lars-Magne Laupsa er tidlegare student ved UiS. Han studerte økonomi på Handelshøgskulen UiS, og tok også ein master i risikostyring på UiS. No jobbar han på Laerdal Medical i Stavanger. Ein internasjonal leverandør innan opplærings- og behandlingsutstyr for livreddande førstehjelp.

Han har teke ein «Big Five personlegheitstest.» Han scorar høgt på ekstroversjon, som altså hadde den sterkaste positive assosiasjonen til arbeidsengasjement, innovativ arbeidsåtferd og generell helse i studien.

– Eg er jo ekstrovert som person. Eg likar å snakke med folk, men eg klarer også fint å sitje heime og ikkje få det sosiale. Men sjølvsagt, dersom du er på jobb går du jo meir rundt og snakkar med folk.

Presterer du betre eller dårlegare på heimekontor?

– Eg presterer varierande på heimekontor. Det er enkelte dagar der ein ikkje er motivert, og ein sjølvsagt har dårlegare «performance» enn viss ein til dømes har noko konkret ein skal prestere på.

– Føler mindre tilknyting på heimekontor

På spørsmål om kva fjernarbeid gjer med trivsel og motivasjon på arbeidsplassen, svarar han:

– Eg trur ein føler mindre tilknyting til arbeidsgjevaren, arbeidsplassen og arbeidsmiljøet på heimekontor, enn om du sit på plassen din og er fysisk til stades på kontoret.

Mann sitter foran PC og jobber
Lars-Magne Laupsa trur det vil bli meir og meir fleksibelt når det gjeld reglar for heimekontor.

– Kva trur du personlegheitstrekk har å bety for korleis folk taklar å ha heimekontor?

– Eg trur det er veldig forskjellig frå person til person. Nokre er ekstroverte og andre er introverte. Og så er det ein balansegang med tanke på kor stort behov ein har for sosiale stimuli i løpet av dagen.

Han informerer om at dei ved Laerdal Medical no er i ein spesiell fase med ombygging. Oppussing skaper mykje negative konsekvensar med støv og støy, så derfor er det opna litt meir opp for heimekontor. På arbeidsplassen sit dei i ope kontorlandskap. Dei hadde meir cellekontor før renoveringa av bygget.

– Det er ein faktor vi har fått tilbakemelding på, at folk sit meir heime då. Det blir mykje støy rundt dei. Men vi har også mange stillesoner og stillerom, fortel han.

– Heimekontor har kome for å bli

Primært sett ynskjer arbeidsplassen til Laupsa å ha folk på kontoret. Det er hovudregelen. Men etter pandemien har dei også opna meir opp for heimekontor.

– Den enkle regelen er at det skal avklarast med næraste leiar. Eg merkar at ulike grupper brukar heimekontor meir enn andre, frå avdeling til avdeling. Om det er leiaren sin aksept eller ikkje, eller om det er personlegheitstypane i gruppa, veit eg ikkje.

Laupsa trur det gjekk opp eit lys for fleire bedrifter under pandemien.

– Vi har tilsette som sit rundt omkring i Europa og jobbar 100 prosent «remote». Det er mangel på arbeidskraft. Det merkar ein spesielt i enkelte type stillingar. Fleire og fleire selskap må ut i verda for å få tak i riktige tilsette med riktig kompetanse.

Han trur det berre vil bli meir heimekontor framover:

– Eg trur det blir meir og meir fleksibelt. Utviklinga av arbeidsverktøy blir meir og meir digital. Du kan sitje eigentleg kor som helst og gjere dei same oppgåvene. Heimekontor har kome for å bli!