Her er årets Forskar Grand Prix-deltakarar!

Onsdag 25. september kan du få med deg eit spektakulært forskingsshow. 10 doktorgradsstipendiatar presenterer forskinga si på fire minutt. Du kan stemme fram vinnaren. Eit dommarpanel gjev terningkast. Dei to stipendiatane som får flest poeng får representere regionen i den nasjonale finalen i Oslo påfølgande laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Gruppebilde
Første samling Forskar Grand Prix Stavanger 2024 med åtte av ti kandidatar til stades: Øvst frå venstre: Veronica Olin Øverlid (VID), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS) og Øystein Nybøe (UiS). Framom frå venstre: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS), Veronika Lorentzen (UiS). Cecilie Aarøe (UiS) og Gudrun David Sigmo (SUS) var ikkje til stades då biletet var tatt.

Korleis redde verda? Svar frå 6. klasse

Ingrid Hilmer (UiS)

Portrett av kvinne med kort hår som smiler
Ingrid Hilmer. Foto: UiS / Line Hausken

I 2020 kom ein ny læreplan, og med den blei berekraft ein del av norskfaget. Tidlegare norsklærar Ingrid Hilmer forskar på korleis ein kan bruke litteratur for å undervise i berekraftig utvikling i norskfaget. Ho lurer på kva som skjer når 6. klasse les og diskuterer ei barnebok om ein 11-åring som prøver å redde verda frå klimaendringar. For korleis reddar ein eigentleg verda – og kva har litteratur med dette å gjere?

Ingrid Hilmer er stipendiat i norskdidaktikk ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Kva er eigentleg grøn omstilling?

Frida Layti (UiS)

Portrett av kvinne i grønn skjorte som smiler
Frida Layti. Foto: UiS / Line Hausken

Vi høyrer stadig om grøn omstilling og det grøne skiftet, men kva er det eigentleg? Kvifor er det så viktig og kva skal til for å lykkast? Frida Layti har tatt på seg ei stor utfordring i si forsking. Ho veit at dersom politikarar og vi som samfunn skal få til omstillinga, må vi ha mykje kunnskap om korleis samfunnet verkar og bli einige om kva politiske avgjerder som må takast. Kva skal vi satse på og kva skal vi ikkje satse på? Ikkje minst handlar det om korleis vi riggar oss økonomisk. Layti forskar for å få eit overblikk over kva tiltak vi som samfunn skal velje for å lykkast med grøn omstilling.

Frida Layti er stipendiat i det som vi alle snakkar om, nemleg grøn omstilling. Ho har ein ingeniørfagleg bakgrunn og har sjølv erfart at grøn omstilling krev meir enn berre ny teknologi. Layti høyrer til på Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging.

Kan vi skaffe rimelige og bærekraftige boliger til alle?

Veronika Lorentzen (UiS)

Portrett av kvinne i svart dressjakke.
Veronika Lorentzen. Foto: UiS / Line Hausken

Svartlamon i Trondheim er ikkje som alle andre bydelar. Bydelen er eit såkalla byøkologisk forsøksområde og dei som bur der har i alle år jobba hardt for å bevare dei gamle husa og slik sørge for billige, sentrumsnære bustader. Det er kommunen som eig husa, medan dei som bur i bydelen er aktive i å utvikle berekraftige løysingar og nye typar bustadar. Dei ønskjer også å fremja samhald, kreativitet, motkultur, dugnad, fellesskap, økologi, kunst, kultur og toleranse. Veronika Lorentzen meiner bydelen gjev oss verdifull innsikt i kreative bustads-løysingar og gode berekraft-praksisar. Ho meiner også at Svartlamon fungerer som ein forløpar for ein ny, norsk bustadpolitikk.

Veronika Lorentzen kom til Noreg frå Ukraina for 9 år sidan og har sjølv budd på Svartlamon. Lorentzen høyrer til på Institutt for medie- og samfunnsfag.

Å skape anerkjenning – kan ein lukkast med skulens oppdrag?

Øystein Nybøe (UiS)

Portrett av mann i svart skjorte.
Øystein Nybøe. Foto: UiS / Line Hausken

Skulen har ei viktig oppgåve i å kvalifisere dei unge til å delta aktivt i yrkeslivet. Skulen skal også bidra til at alle barn skal få utvikle seg og sine moglegheiter. I tillegg skal barn og unge oppleve fellesskap og at dei høyrer til.

Kven er det som sørgjer for at desse tre oppgåvene blir teke hand om? Jau, det er i stor grad læraren. Øystein Nybøe forskar på interaksjonar mellom lærar og elev og har funne fram til kva det er som skal til for å skape tryggleik og god læring.

Universitetslektor i pedagogikk Øystein Nybøe har som stipendiat ved Institutt for grunnskulelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk undersøkt kva som må til for å lukkast med skulens oppdrag.

Finn skjulte skattar med sjølvkøyrande robotar

Thomas Meldahl Olsen (UiS)

Portrett av mann i lyseblå skjorte.
Thomas Meldahl Olsen. Foto: Foto: UiS / Line Hausken

Skattar kan vere så mangt. Det kjem an på kven ein spør. Det kan vere skipsvrak som har lege gøymt i sediment i fleire hundre år, eller grunnfjellet for ein geoteknikar. Men det kan òg vere det som kan hjelpe samfunnet å bli grønare, nemleg mineralar. Det finst sjølvsagt tradisjonelle metodar som kan leite etter desse skattane i dag, men dei er lite effektive og kan gje skuffande resultat med tanke på datakvaliteten. Thomas Meldahl Olsen har designa og bygd autonome plattformar som skal gjere tredimensjonale innsamlingar av data mykje meir effektivt og rimelegare.

Thomas Meldahl Olsen er stipendiat i anvend geofysikk ved Institutt for energiressurser. Når han ikkje forskar på geofysikk, jobbar han med sitt eige firma. Han er òg medgründer i eit selskap som arbeider med leiting etter mineralar.

Menn med leddgikt får fleire barn enn andre menn

Gudrun David Sigmo (SUS)

Portrett av kvinne med krøllete hår og blå og grønn skjorte
Gudrun David Sigmo. Foto: UiS / Kjersti Riiber

Påverkar sjukdommen min evnen til å få barn? Kan medisinen eg brukar være skadelege for barnet? 

Menn som lever med leddgikt, har mange spørsmål rundt det å få barn. I doktorgradsarbeidet undersøkjer Gudrun David Sigmo data frå om lag 11.000 menn med leddgikt, psoriasisartritt og spondyloartritt for å kartlegge om sjukdommen eller medisinane påverkar mennene sine evnar til å bli far. Overlegen møter dagleg pasientar med ein autoimmun sjukdom kor immunsystemet angriper eigen kropp og då særlig ledd. De fleste pasientar må ta medisinar fast og ein lav dose cellegift er ofte førsteval. Det er gjort mange studiar på kvinner med leddgikt, og vist at sjukdommen påverkar livet på mange måtar, blant anna får dei færre barn. Sigmo ville undersøkje kva som var stoda for menn med leddgikt. Ho blei overraska over funna.

Gudrun David Sigmo er spesialist i revmatologi og indremedisin. Ho arbeidar som overlege ved Stavanger universitetssjukehus og tek sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Lesing av akademiske tekstar i ei digital tid

Marte Pupe Støyva (UiS)

Portrett av kvinne med langt hår
Marte Pupe Støyva. Foto: UiS / Line Hausken

Samfunnet treng at studentar i høgare utdanning sikrar seg evna til å forstå kompliserte tema, men korleis vel studentane å lese pensumet sitt? Lesinga vår har endra seg mykje dei siste 30 åra. Digital teknologi har gitt oss eit hav av moglegheiter for å lese på ulike flater og skjermar. I dag møter studentane tekstane dei skal lese i ulike format, til dømes på nett, som pdf-ar, som papirbøker og e-bøker.

Marte Pupe Støyva forskar på studentane sine lesestrategiar og korleis dei vel å handtere lesinga si i vår digitale tid. Ho undersøkjer kva som skal til for å lukkast med lesing av akademiske tekstar, slik at ho kan gje gode råd om ulike lesestrategiar til studentar, undervisarar og andre avgjerdstakarar.

Marte Pupe Støyva er stipendiat ved Nasjonalt Lesesenter kor ho undersøkjer prosessane som førekjem undervegs i autentiske og komplekse leseprosessar. Støyva har tidlegare jobba i fleire år som spesialbibliotekar på Universitetsbiblioteket i Stavanger.

Kva er farlegast? Kokain eller poteter?

Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS)

Portrett av mann med blå skjorte og svart jakke
Sasan Zarghooni-Hoffmann. Foto: UiS / Line Hausken

Tenkjer du at Tolletaten kanskje gjer ein viktig jobb for å stoppe narkosmugling, men irriterer deg samstundes over at du føler deg skuldig når du passerer grensa sjølv om du ikkje har med deg narkotika? Har du tenkt over at Tolletaten gjer mykje meir enn å stoppe smuglarar? Sasan Zarghooni-Hoffmann forskar på korleis Tolletaten beskyttar samfunnet. Han har funne at deira bidrag til samfunnstryggleik er forskjellig frå – og meir omfattande enn – andre etatar. Han meiner Tolletaten er meir viktig enn kva folk flest og myndigheitene er klar over. Funna han har gjort, kan hjelpe myndigheitene å styrke arbeidet med beredskap og samfunnstryggleik.

Sasan Zarghooni-Hoffmann er stipendiat i risikostyring og samfunnstryggleik og forskar på problemstillingar knytt til Tolletaten. Han høyrer til på Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging.

Flyktningretten – rettferd for kven?

Veronica Olin Øverlid (VID)

Portrett av kvinne med langt hår
Veronica Øverlid. Foto: UiS / Line Hausken.

Mange land har skrive under på FNs flyktningkonvensjon som sikrar rettane til menneskjer på flukt. Men korleis fungerer denne flyktningretten når dei aller fleste flyktningar ikkje kjem fram til ein stad der dei kan nytte denne retten? Kvart år døyr tusenvis av flyktningar på flukt rundt omkring i verda. Mange hindringar er sette opp for at flyktningane nettopp ikkje skal klare å kome fram. For eksempel ein mur, slik dei har gjort på grensa mellom Mexico og USA.

Mange statar påstår at dei tek imot for mange flyktningar, og ønsker eit strengare regelverk. Stipendiat Veronica Øverlid forskar på korleis flyktningkonvensjonen blir brukt og ser på moglege løysingar for ei betre og meir rettferdig ordning enn den som gjeld i dag.

Veronica Øverlid har drive med menneskerettsarbeid i Norge, Egypt og fleire land i Latin Amerika. Ho har sett flyktningane sin situasjon på nært hald og er oppteken av korleis ordningane kan bli betre. Som forskar ved Senter for interkulturell kommunikasjon ved VID vitskaplege høgskule i Stavanger har ho spesielt sett på flyktningar frå El Salvador, Guatemala og Honduras, som i 2018 organiserte seg for å kome seg gjennom Mexico og fram til USA.

Fiendens barn på flukt i 1945

Cecilie Aarøe (UiS)

Portrett av kvinne med langt hår
Cecilie Aarøe. Foto: UiS / Kjersti Riiber

Historia om andre verdskrig og etterkrigstida har ofte skygga for dei individuelle perspektiva til uskuldige tyske sivile, som etter krigen vart påtvungne mykje skuld og skam. Gjennom eit mikroperspektiv ønskjer stipendiat Cecilie Aarøe å belyse skjebnen til eit slikt enkeltmenneske: Nortrud Stein, ei seks år gammel jente som i 1945 måtte flykte saman med sine to eldre systre og deira mor. Aarøe har forska på korleis ein kan undervise i historiefaget på skulen på ein ny måte slik at fleire perspektiv kjem fram.

Cecilie Aarøe er stipendiat i samfunnsfag og mikrohistorie ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.