Susan Peisan Chen har forska på korleis ulike leiartypar handterer kunnskap under nedbemanning.
(Første gang publisert mai 2018)
Bakgrunnen for avhandlinga er fusjonen mellom Statoil og Hydro i 2007, ein transaksjon verdsatt til 29 millionar amerikanske dollar.
I sitt doktorgradsarbeid ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har Chen undersøkt korleis kunnskapsleiing blei handtert under organisasjonsendringane, med tilhøyrande nedbemanning i Statoil.
Chen finn i si forsking at leiarar med ein transformatorisk leiarstil handterte kunnskap under nedbemmaning forskjellig frå leiarar med ein transaksjonell leiarstil.
Medan leiarar med transformatisk stil vier meir merksemd til taus kunnskap, legg leiarar med transaksjonell stil meir vekt på overføring av eksplisitt kunnskap.
Vidare viser studien at ekspertar som blei overflødige i nedbemanninga ikkje følte seg som offer, men den følelsen prega dei som blei igjen i organisasjonen. Offerfølelsen blei moderert av opplevd verdi av ekspertkunnskap og tid sidan nedbemanninga.
Studien viser og at forventa negativ effekt av opplevd organisatorisk urettferdighet kan bli midlertidig moderert av lært hjelpelaushet, understøtta av ein organisasjonskultur prega av tillit.
Avhandlinga er «Knowledge Management in the time of organisational change: Implications of a post-merger early retirement downsizing strategy in an aging knowledge-based economy. A Socio-technical system approach to a Norwegian case study» bidrar med ny kunnskap om forhold mellom gjensidig relaterte sosio-tekniske system i organisasjonen.
Vidare gir den kunnskap om transformatorisk og transaksjonell leiarstil, kunnskapsleiing, organisatorisk rettferdighet, lært hjelpelaushet og kven som blir offer under organisatorisk nedbemanning i ein kunnskapsbasert økonomi og med aldrande arbeidskraft.
Om kandidaten
Ho disputerte 23. mai 2018 for doktorgrada si i leiing ved Det samfunnsvitskapelege fakultet. Susan Peisan Chen er frå Taipai i Taiwan. Ho har master i Internal Employement Relations and HRM frå London School of Economics. Ho arbeider i GoJek Indonesia.