Forskar Grand Prix – nasjonal finale

Lørdag 28. september 2024 kl. 19:00-21:00,
Digitalt / Eldorado i Oslo.

To kandidatar frå Stavanger-regionen møter åtte andre doktorgradsstipendiatar til eit spannande og underhaldande show i Oslo. Kven står att som Noregs beste forskingsformidlar?

Publisert Sist oppdatert

Bli med som publikum og stem fram vinnaren av den nasjonale finalen i Forsker Grand Prix.

Vi sender dei to beste doktorgradskandidatane frå delfinalen i Stavanger for å delta i den nasjonale finalen i Oslo. Her inntar dei scenen saman med finalistane frå Bergen, Bodø, Kristiansand og Oslo. Dei er alle godt i gang med doktorgraden sin, men har enno ikkje disputert. Breidda er stor, både når det gjeld fag, institusjon og kva dei vil med forskinga si.

Gled deg til ein kveld med fabelaktig forskingsformidling. Du kjem garantert til å lære noko nytt! 

Slik er konkurransen

Du kan vere med på å bestemme kven som vinn!

Kvar deltaker har med seg to presentasjonar med ei lengd på høgst fire minutt. I tur og orden kjem dei opp på scena for å fortelje om forskingsprosjektet sitt på dei tilmålte minutta sine. Når tida er ute, gir publikum – både dei som sitt i salen og dei som følgjer showet digitalt, poeng frå 1 til 6. Deretter kjem dei tre fagdommarane, som kjem frå media, akademia og scenekunsten, med si vurdering.

Kun tre deltakarar går vidare til finaleomgangen der dei får halde den andre presentasjonen sin. Til slutt vert ein nasjonal vinnar kåra. Blir det ein av kandidatane våre?

Du bestemmer

Du kan sjølvsagt reise til Oslo for å heie på kandidatane våre. Men du kan òg sjå arrangementet digitalt. Så finn fram mobilen og stem på den kandidaten du meiner fortener å vinne!

Meld deg på arrangementet for å stemme