Ein av verdas fremste ekspertar på økonometri underviste doktogradsstipendiatar

Professor i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Chicago, Magne Mogstad, har undervist i økonometri i ei veke i august ved Handelshøgskolen ved UiS. Doktogradsstipendiatar frå både Noreg og Europa deltok.

Publisert Sist oppdatert
Professor Magne Mogstad underviser en gruppe studenter
Magne Mogstad er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Chicago og hovudredaktør for tidsskriftet Journal of Political Economy.

Magne Mogstad er ein av verdas fremste ekspertar på økonometri.

– Eg er her for å lære. Dette er ei fantastisk moglegheit til å høyre på han og få betre forståing for feltet, seier Eric Myran Wee.

Både han og Gina Eckhoff kjem frå Handelshøyskolen på NTNU der dei akkurat har starta som doktorgradsstipendiatar, og har derfor fått ein intensiv start på doktorgradslivet.

Eckhoff seier det er eit krevjande kurs, då det tar føre seg fleire vekers læring på berre ei veke. Men likevel er det kjekt å lære meir om den avanserte forskingsfronten.

– Det går i dybden og ikkje overflata, seier ho.

Ho synest òg det har vore kjekt å møte andre stipendiatar som interesserer seg og forsker på tema rundt økonomi.

Vil bidra til betre forsking

Målet med kurset er å utvikle nødvendig kunnskap for å forstå, designe, gjennomføre og tolke analysar av data frå den verkelege verda.

På kurset i fjor var det fleire besøkande frå andre universitet, både i Noreg og i Europa. Slik var det også i år, med blant anna studentar som kom frå Wales, Østerrike og Tyskland.

Magne Mogstad kjenner miljøet på Handelshøgskolen ved UiS godt, og synest det var veldig fint å kunne vere tilbake.

– Dei var veldig hyggelege studentar. Målet er å trene dei, og bidra til betre forsking, seier Mogstad.

En gruppe stipendiater som står foran handelshøgskolen ved UiS
Nokre av dei nøgde doktorgradsstipendiatane som deltok på kurset til Magne Mogstad i august. Dei får alle ein eksamen etter kurset som skal leverast etter to veker.

Sentral metode

Økonometri er ein sentral metode innanfor empirisk økonomisk forsking. I økonometri blir statistiske metodar og kvalitative data brukt for å studere kausalitet. Metoden blir ofte brukt for å studere effekten av politikk og verkemidlar, som for eksempel: Vil folk jobbe mindre viss inntektsskatten aukas? Kor effektivt er eigentleg straff på å redusere kriminalitet? Blir bedrifter meir effektive av ny teknologi?

– Gjennom åra har me sett at økonomi blir stadig meir empirisk. Det er avgjerande for framtidas økonomar å meistre dataanalyse, spesielt viss du vil hevde deg innan økonomisk forsking, seier kursansvarleg og professor ved Handelshøgskolen ved UiS, Torfinn Harding.

Det er andre gong Magne Mogstad har kome til Universitetet i Stavanger for å undervise doktorgradsstipendiatar. Mogstad stadfester sjølv at han gjerne kjem tilbake for å halde kurs ein tredje gong òg.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan strategisk ...

Arrangement i regi av Handelshøgskolen ved Uis