Teltleir for Palestina på campus

Organisasjonen Studenter for Palestina Stavanger skal ha teltleir på campus Ullandhaug frå torsdag 16. mai.

Publisert Sist oppdatert

Stor grønn plen med sperrebånd i front og stor bygning i glass og metall bak.

Universitetet i Stavanger har gitt studentane lov til å bruke plenen på vestsida av Arne Rettedals hus til å slå opp telt, overnatte og markere sine synspunkt mellom anna ved å ha stand og dele ut informasjon. Løyvet gjeld fram til 29. mai.

Avdeling for bygg- og arealforvaltning (ABA) er i tett kontakt med studentane om korleis dette kan gjennomførast på best mogleg måte.

UiS er eit ope universitet, som oppfordrar studentar til å engasjere seg i samfunnsdebatten. Universitetet ønskjer å leggje til rette for frie ytringar, også i saker prega av sterke motsetnader. Samstundes skal protestaksjonar ikkje gå ut over andre si gjennomføring av undervisning, eksamen eller andre aktivitetar.

Universitetet i Stavanger har tilsette og studentar frå både Palestina og Israel og jobbar aktivt for å ta vare på alle. Dei som er emosjonelt påverka av krigen i Gaza kan få hjelp til å samtale om det. Informasjon om dette, og kva universitetet elles gjer i høve til Israel-Palestina-konflikten, finn du i artikkelen UiS og krigen i Gaza.

OPPDATERING: Teltleiren fekk forlenga løyvet med nye 14 dagar frå 29. mai.