Studentkort

Korleis får eg eit studentkort? Kva kan eg bruke det til? Og kva gjer eg viss eg har mista studentkortet?

Publisert Sist oppdatert

Studentkortet er eit legitimasjonskort, og fungerer som

  • lånekort for bøker på biblioteket
  • nøkkelkort med inngang til bygg og ulike rom
  • kort til utskrift og kopi

Slik får du studentkort

  1. Fullfør dei fire fyrste stegene i sjekklista for nye studenter
  2. Bestill studentkort i digital studentekspedisjon.
  3. Du får ein epost når studentkortet er klart til å hentast.
  4. Hent kortet ditt i skranken på Universitetsbiblioteket (MazeMap).

Grunna ferieavvikling vil ikkje studentkort bli skrive ut i juli.

Mista studentkortet?

Viss du mistar studentkortet eller mistenker at det er stole, må du straks melde frå til studentservice@uis.no. Det kostar 200,- kroner å erstatte kortet.

Varigheit

Studentkortet er gyldig i 5 år, eller til du er ferdig med studia dine. Dersom du byter studieprogram innan desse 5 åra, må du ta kontakt med studentservice@uis.no for å aktivere det igjen.

Tilgang til rom og utskrift

Du får automatisk tilgang til alle hovudbygg. Dersom du har behov for ekstratilganger til for eksempel datalab, må du kontakte fakultetet ditt.

Slik kobler du deg til og bruker printerne på campus.