Maren tar årsstudium: – Ein veldig trygg start for dei som ikkje har studert før

Maren Hansen Nesheim (20) er ein av dei aller første studentane på årsstudiet «økonomi og ledelse» på Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Publisert Sist oppdatert
Jente i boblejakke foran grønt gress og bygning
Student Maren Hansen Nesheim.

Namn og alder: Maren Hansen Nesheim, 20
Heimstad:
Hønefoss
Her bur eg i Stavanger: Hillevåg
Dette studerer eg no
: Økonomi og leiing, årsstudium

Eg studerer økonomi og leiing fordi:

– Eg valde årsstudiet fordi eg har vore veldig usikker på kva eg ville studere. Eg har vingla veldig mykje. Då eg såg at dette nye studiet vart marknadsført, blei eg veldig interessert. Eg synest det verka veldig trygt å starte på. Det er eitt år, og dersom ein synest det er interessant, så kan ein gå over på andreåret av bachelorgraden i økonomi og administrasjon. Økonomi verkar som ei spennande retning. I alle fall når eg er litt interessert i matte frå før av.

Ho er i det første kullet av årsstudiet, som var nytt frå hausten 2024. 20-åringen fortel om kvifor ho ville studere i Stavanger:

– Eg hadde lyst å flytte vekk frå heimbyen for å få den ordentlege studentopplevinga. Det handla om å utfordre meg sjølv, og så synest eg Stavanger verka spennande.

Mitt favorittemne på studiet:

– Eg synest «Matematisk metode for økonomer (BØK108)» er det mest interessante emnet, fordi det er eit metodefag, og eg likar matte.

Derfor vil eg anbefale studiet:

– Viss ein ikkje har studert før, så vil eg anbefale studiet fordi det er ein trygg start. Eg føler i alle fall det har vore det. Du finn ut litt kva du vil, og kva du ikkje vil, og så har du fleire moglegheiter. Vi som går årsstudium, kan velje mellom ganske mange fag. Dersom du vel same emner som det første året av bachelorgraden i økonomi og administrasjon, så har du jo moglegheita til å gå rett vidare på det andre året. Viss ikkje, kan ein jo velje mange andre spennande fag. Det er viktig å velje det som du sjølv er interessert i.

Dette er mitt beste studietips:

– Det er jo individuelt, men å ha ein plan og gode rutiner i kvardagen er lurt. Å setje seg delmål fram til hovudmålet ditt, er jo ein fin måte å gå fram på. Då får ein litt meistring undervegs, og så kan ein kanskje unne seg noko når ein har nådd det målet ein har sett seg. Det er ein god motivasjon!

Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:

– Hovudårsaka er fadderveka. Det er viktig å vere med og engasjere seg for å bli kjent med medstudentane dine. Viss ein vel dei same faga som folk som går på bachelorgrad, blir ein kjent med veldig mange. Ikkje berre dei som går årsstudium. Då får ein raskt ein veldig stor vennekrets.

Ho er også medlem av studentorganisasjonen Econa UiS og linjeforeininga Økonomistudentenes Forening (ØSF).

LES OGSÅ: Studentliv i Stavanger

Dette likar eg å gjere på fritida:

– Eg synest å trene er gøy. Både fordi det hjelper med konsentrasjonen i kvardagen, men også fordi eg synest det er kjekt med mykje aktivitet. Eg likar å gå turar. Eg gjekk Preikestolen for første gang då eg flytta hit. Eg har klatra litt også. Det er mange spennande aktivitetar ein kan gjere her i Stavanger. Eg er også glad i å lage mat.

LES OGSÅ: Ut på tur i Stavanger-regionen

Dette er typisk Stavanger:

– Folk er veldig positive når dei pratar. Eg må seie at vêret er betre enn forventa. Når ein kjem frå Austlandet, har ein jo høyrt at det er dårleg vêr på Vestlandet. Men her har det vore overraskande bra vêr!

Dette er min draumejobb:

– Oi, det har eg ikkje tenkt på. Eg synest å starte noko eige, og å drive for seg sjølv hadde vore interessant. Det var nok litt av hovudgrunnen til at eg valde dette studiet. Det er godt å ha med i ryggsekken uansett om ein held fram på bachelorgraden, eller berre tar dette årsstudiet. Det er alltid kjekt å kunne litt om økonomi og leiing. Å ha dei faga – både privat, men også i mange ulike yrke.