Stillinger for studenter

Vikarar og tilkallingsvikarar barnehage

Time kommune
Nøkkelinfo
Søknadsfrist
Sted
Time kommune
Antall stillinger
1
Stillingstype
Deltid
Kontakt
Barnehagesjef
Telefon: 90509246

Om stillingen

Me treng fleire dyktige vikarar i barnehagane våre!

Er du ein som brenn for barna, og som ønsker å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen?

Barnehagane i Time kommune ser nå etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, og vikarar til kortare og lengre vikariat. Oppdraga vil variera i varigheit og omfang, og du vil i periodar kunna jobba opp til full stilling.

Som vikar i barnehage vil du:
- vera med på å skapa ein god kvardag i barnehagen
- ha aktivt medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar ute og inne
- vera ein viktig bidragsytar ved alle daglege gjeremål i barnehagen

Du kan lesa meir om den enkelte barnehage her: 

https://www.time.kommune.no/tenester/barnehage-skule-og-familie/barnehage/barnehagar-i-time/

Me håper at du vil vera med på laget vårt!

Me gjer merksam på at dette ikkje er ei  vanleg stillingsutlysning, og du vil få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vert ikkje sendt avslagsbrev.

Krav til søker

Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:
- relasjonar
- samarbeid
- inkludering

- dei me tilsett må framlegga gyldig politiattest etter barnehagelova §30

- gode norskkunnkapar, tilsvarande minimum nivå B2

Vi kan tilby

I Time kommune arbeider me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Dette er noko me ikkje kan løysa aleine. Me skal saman med føresette og dei andre tenestene i kommunen arbeida for å oppnå dette. 


I barnehagesektoren i Time er me opptekne av å vera fagleg oppdaterte og i utvikling. Fem av barnehagane våre er praksisbarnehagar for Universitetet i Stavanger. Dette bidreg til at barnehagane har god kontakt med fagmiljøet og deltek i utdanning av nye barnehagelærarar.  

Time kommune er i partnarskap med Universitetet i Stavanger via REKOM (regional kompetanseutvikling) og Kompetanseløftet, og samarbeider i dag om to pågåande satsingar: USP (Utviklingsstøttande praksis på småbarnsavdelingar 0-3 år) og Digital praksis i barnehagen.   

Me nytter Marte Meo og Class som verktøy i kvalitetsutvikling.  
 

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Flere ledige stillinger

Se alle ledige stillinger for studenter