Stillinger for studenter

Trainee - Vegforvaltning Bergensområdet INV - Vegforvaltning Bergensområdet, Vestland fylkeskommune

Vestland Fylkeskommune
Nøkkelinfo
Søknadsfrist
Sted
Bergen
Antall stillinger
1
Stillingstype
Trainee
Kontakt
Leder
Telefon: 99341206

Om stillingen

Er du nyutdanna, samfunnsengasjert og ynskjer å gjere ein skilnad? Då bør du søke på den eittårige traineestillinga vår hjå Vegforvaltning Bergensområdet! Stillinga har oppstart hausten 2025. Hjå oss vil du få verdifull erfaring, spanande oppgåver og god kjennskap til offentleg forvaltning! 

Kva oppgåver vil du få?

Som trainee hjå oss vil du få varierte oppgåver innan veglov og plan- og bygningslov som vil gje deg god innsikt i og forståing av offentleg forvaltning. Du vil jobbe med sakshandsaming av søknadar etter veglova, uttalar til dispensasjonssaker og plansaker. Slik får du god innsikt i samspelet mellom administrasjon og politikk. Du vil også lære om kva betydning teknisk infrastruktur har for utviklinga av samfunnet, og då med særleg fokus på trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantar. 

Erfaringa og kunnskapen du sit att med etter eit år som trainee hjå oss vil opne mange framtidige karrieredører!

Du vil også få oppgåver knytt til

  • uttale til arealplanar og dispensasjonssaker etter plan og bygningslova
  • handsaming av søknadar om avkøyrsle og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova
  • fagleg medverknad i ulike utgreiingar og prosjekt
  • rettleiing av og samarbeid med offentlege etatar, konsulentar og private aktørar

 

Krav til søker

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er samfunnsbevisst, ynskjer å gjere ein skilnad og vil lære meir om grenseskiljet mellom administrasjon og politikk. Du har også interesse for og ynskjer å jobbe med offentleg vegforvaltning.

Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål. Du evner å ta ansvar og trivast med å jobbe sjølvstendig, men du er også god på samarbeid. Ettersom det er eit høgt tempo i einingå vår passar det godt at du har høg arbeidskapasitet og trivst med varierte oppgåver. Vi verdset eit godt arbeidsmiljø og du bidreg positivt til dette. Du er løysingsorientert, har fokus på god dialog og evner å bygge tillit - både til kollegaar,samarbeidspartnarar og tenestemottakarar. 

Du har også

  • relevant høgare utdanning på masternivå innan arealplanlegging, samfunnsgeografi, samferdsle, relevante ingeniørfag eller tilsvarande
  • nesten fullført det siste året av graden din eller har nyleg fullført utdanning
  • maks tre års relevant arbeidserfaring 
  • gode akademiske resultat å vise til
  • helst førarkort klasse B

Vi kan tilby

Kva kan vi tilby deg? 

Som trainee hjå oss vil du få dei same godene som oridnære tilsette - og litt til!
Du vil bli ein del av eit sosialt og inkluderande miljø med samfunnsengasjerte og fagleg dyktige kollegaar. Vi ynskjer å gje deg ein god start på karrieren og tilbyr difor fadderodning og fagleg mentor. Du vil også få gode mogelegheiter for kompetanseheving; både gjennom deltaking på Trainee Vest sine samlingar, men også gjennom interne traineesamlingar og kursing. 
 

Vi har fleksitidsordning og nye moderne lokale i Bergen sentrum med mellom anna innandørs sykkelparkering, treningslokale og kantine. Du vil få løn etter avtale. 
 

Og, du? Det er aldri for tidleg å planlegge for pensjonistlivet. Heldigvis har Vestland fylkeskommune gode pensjons- og forsikringsordningar!

Om bedriften

Kven er vi?

Vegforvaltning Bergensområdet har ansvar for fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver etter nasjonale, regionale og kommunale lover, strategiar og planar. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. Kollegiaet består av 24 dyktige medarbeidarar.
 

Anna informasjon
Arbeidsstad er Vestlandshuset i Bergen.
Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul. 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Flere ledige stillinger

Se alle ledige stillinger for studenter