Karen Kyllesø fortel om turen til Sydpolen.

OBS: På grunn av stor interesse for dette arrangementet, må du komme tidlig for å sikre deg en plass.
Måndag 13. januar nådde Karen Kyllesø (21), eller @Friluftsjenta som ho kallar seg i sosiale medium, Sydpolen. Ho brukte 54 dagar på turen som blir kalla verdas lengste motbakke. Det vart ein strabasiøs tur med dårleg glid, naseblod og kuldeastma. Men det enda heldigvis godt.
Korleis det var å vere på tur åleine i isaudet, kan du høyre når Kyllesø kjem til biblioteket for å halde foredrag for oss.
Professor emeritus i moderne historie, Roald Berg, som har jobba mykje med norsk polfararhistorie, opnar arrangementet med miniforedraget “Fra Amundsen til Kyllesø”. Han blir også med i ein panelsamtale til slutt kor det og blir det høve for publikum å stille spørsmål.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Ingen påmelding.
40.000 følgde eventyret
@Friluftsjenta delte flittig frå eventyret.
Ho har 17.700 følgjarar på Instagram og rundt 23.000 følgjarar på TikTok.