Høyr No Name spele.
Velkommen til årets første av fire Bøker & Beats-konsertar. Vi har flyttet dei til tysdagar i stolpetimen slik at flere får moglegheit til å få det med seg.
Først ut er bandet No Name. Dei spelar eigenskriven musikk som tar utgangspunkt i improvisasjon og lytting, og fokuserer på mangfald og musikalsk fridom.
Bandet har ein ukonvensjonell besetning: ein trombonist, to saksofonistar, og ein pianist. Saman skal dei spele musikk med og utan tekst, inspirert av Norge, Sverige og Kurdistan.
Besetning
Papole Khaki - Trombone, vokal.
Erlend Johannessen - Piano.
Maja Persson - Alt-saksofon.
Magnus Kaspersen Evjen - Baryton-saksofon.
Bøker & Beats
Under Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.
Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.