– Du er veldig ettertrakta. Dei fleste på det andre året av mastergraden fekk jobb før haustferien, fortel masterstudent Alise Pollestad.
Namn og alder: Alise Pollestad, 23
Heimstad: Ganddal i Sandnes
Dette studerer eg no: Mastergrad i rekneskap og revisjon
Eg studerer rekneskap og revisjon fordi:
– Eg synest det er greit å ha ein konkret mastergrad der du går litt meir i djupna, og lærer noko som er bransjespesifikt. Du skjønar verkeleg kva du lærer, og du får bruke det heilt konkret i jobb etterpå.
Universitetet i Stavanger (UiS) var eit naturleg val for henne:
– Eg har aldri hatt behov for å flytte. Fleire rundt meg valde også å studere her. Eg har høyrt mykje bra om universitetet frå før av. Folk som har gått her er fornøgde.
23-åringen tok først ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Handelshøgskolen UiS.
Då tenkte eg: «kvifor ikkje begynne på ein bachelor, så kan eg heller flytte når eg tek mastergrad?» Men så likte eg meg godt her. Og dei eg studerte med valde å fortsetje her, så då ville eg også det.
Mitt favorittemne på studiet:
– Eg trur kanskje det må vere Selskapsrett (MRR130). Det var veldig kult. Medan vi hadde emnet, las eg mykje finansnyheiter. Det var kult å forstå kva dei snakkar om. Du lærer om korleis selskap blir skattlagt. Vi hadde selskapsskatt og skatteavgift på likt, så det gjekk veldig mykje inn i kvarandre. Men du lærer forskjellen på enkeltpersonsføretak og aksjeselskap osv. Det er veldig gøy når du les om selskap, og forstår litt meir om kvifor dei gjer tek dei vala dei tek.
Derfor vil eg anbefale studiet:
– Eg synest det har vore veldig gode førelesarar. Eg synest det er greit at vi ikkje er så mange studentar på studiet. Vi er mellom 30 og 40 studentar. Vi blir ein litt mindre klasse, så du kjenner dei aller fleste i klassen. Du får ein meir «klassefølelse» enn du kanskje gjer på andre studium.
– Og så er du veldig ettertrakta. Dei fleste på det andre året av mastergraden fekk jobb før haustferien. Dei ulike revisjonsselskapa tilbyr ofte stipend, som er veldig greitt å ha med seg.
Sjølv har ho fått jobb i revisjon- og rådgjevingsselskapet PwC.
Dette er mitt beste studietips:
– Å studere jamnt. Ikkje les rett før eksamen. I løpet av vekene når du har førelesing, må du gjerne lese kapitla undervegs. Då kan du grave litt meir i dei tinga du ikkje forsto når det nærmar seg eksamen, i staden for at du skal byrje med pensum frå side 1. Det blir sjukt mykje arbeid. Når du går rekneskap og revisjon, vil du gjerne bli statsautorisert. Då må du ha minst C i alle fag. Det blir veldig vanskeleg dersom du skal lese alt veka før eksamen.
Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:
– Hovudsakleg ved å delta i undervisning. Og så valde eg også å stille til eit frivillig verv i linjeforeininga MastØk. Eg har vore med på det meste av både faglege og sosiale ting som har skjedd, og blitt kjent med folk både på rekneskap og revisjon, men også dei anddre masterstudentane innanfor økonomi.
Dette likar eg å gjere på fritida:
– Eg synest det er veldig kjekt å jogge og gå turar. Og så har eg akkurat begynt å strikke. Så no brukar eg mykje tid på det.
LES OGSÅ: Ut på tur i Stavanger-regionen
Dette er typisk Stavanger:
– Det er veldig «chill». Veldig behageleg! Folk går i eigne trakter, og har sine ting å halde på med. Ein samlast gjerne på byen i helgene.
LES OGSÅ: 10 gode grunner til å velge UiS
Dette er min draumejobb:
– Eg håpar at eg blir partnar innanfor eit revisjonsselskap på sikt.