Vaffeltorsdag med studentpresten i Bjergsted

Torsdag 14. september 2023 kl. 11:00-13:00,
Campus Bjergsted,
Kantina.

Studentpresten kjem og serverer vaflar til alle studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag.

Publisert Sist oppdatert
Om studentpresten

Det kan vere godt å ha nokon å snakke med, enten det er om problem, spørsmålsstillingar eller vegvalg som ein står overfor.

Studentpresten er der for deg i slike spørsmål, og ved eventuelle andre ting som du synest er vanskeleg.

Han er også ein del av kriseberedskapen til UiS, og han har teieplikt.

Du kan lese meir om tilbodet her.

Studentpresten ved UiS, Sigbjørn Rysland Jårvik

UiS sin studentprest, Sigbjørn Rydland Jårvik, kjem innom campus Bjergsted torsdag 14. september kl. 11:00-13:00. Her er det berre å møte opp for ein prat, og for å få gratis, nysteikte vaflar. Velkommen!

Han kjem også innom tre andre torsdagar dette semesteret: 5. oktober, 2. november og 7. desember.