Open øving - Miroirs brûlants/Brennande spegel

Fredag 25. august 2023 kl. 15:30-16:30,
Campus Bjergsted,
Hetland-salen.

Øving i førekant av stipendiatkonsert i november.

Publisert Sist oppdatert
profil bilde
Stipendiat og sopran, Heloise Baldelli

Héloïse Baldelli, sopran og stipendiat ved Fakultet for utøvande kunstfag, inviterer til open øving i førekant av hennar konsert 14. november. Baldelli forskar på tidlege 1900-tals franske melodiar.

Ho har, saman med Friedrike Wildschütz (klaver), jobba med Poulencs syklus «Miroirs brûlants» som består av to songar. Dette er ein del av den større framsyninga i november som vil inkludere tre syklusar av Poulenc.

Denne ettermiddagen får publikum tekstane saman med dei norske øversettingane, og er velkommen til å stille spørsmål gjennom og etter øvinga.

Velkommen! Gratis inngang.

PS: Viktig informasjon om oppmøte

På grunn av Utopia-festivalen vil det vere stengt ved den vanlege inngangen til Bjergsted-parken. For å kome til bygget må ein ha tilsett/studentkort ved UiS. Om du ikkje har det så kan du møte ved Bjergsted terrasse 6 (men ved inngangen på andre sida av vegen) kl. 15:25.

Fleire arrangement ved Fakultet for utøvande kunstfag

Åpningsseremoni på campus Bjergsted

Tir. 13.08.2024

12:00-13:00

Bjergsted

Bjergsted-konferansen 2024

Tor. 31.10.2024

08:30-16:00

Campus Bjergsted
Eikenes-salen