Kan bruk av ISO 55000-serien, Asset Management, bidra til auka verdiskaping og konkurransekraft?

Torsdag 21. september 2023 kl. 13:00-15:30,

Eit CIAM Hub møte om evna til å halda oppe eller auka verdiskapinga og konkurranseevna utfordra av eit globalt behov for transformasjon.

Publisert Sist oppdatert
Onshore og Offshore Olje og gass aktivitetar illustrert (DNV)
  • Tid: 21. september 13:00 – 15:30
  • Stad: DNV, Veritasveien 25, Stavanger
  • Presentert av: Eivind Aune (DNV)
  • Medlemmer av CIAM vil få ein invitasjon til dette arrangementet. Viss du ikkje har ein invitasjon, send ein e-post til ciam@uis.no for spørsmål.

Me er i ei tid der evna til å halda oppe eller auka verdiskaping og konkurranseevne blir utfordra av eit globalt behov for transformasjon. Det tvingar mange verksemder til å ta viktige avgjerder i forhold til evna til å vera konkurransedyktige og relevante over tid.

TISO 55000-serien inneheld praksis og prinsipp som kan brukast breitt i forhold til typar verksemder, eigedelar, organisasjonar og kulturar. Me ser nærare på kva bruk av ISO 55000-serien kan gi av moglegheiter for å auka verdiskaping, konkurransekraft og robusthet i forhold til transformasjon. Relevant erfaring frå drift, vedlikehald og levetidsforlenging av offshore oljeproduksjonsanlegg vil bli brukt som døme på praksis og prinsipp som inngår i ISO 55000-serien.

Presenter av: Eivind Aune frå DNV

Eivind Aune, DNV

Eivind har meir enn 20 års erfaring frå olje- og gassindustrien på norsk sokkel. Kompetansedomenet er innanfor Asset Integrity Management i forhold til Management Systems og ERP Systems. Han har sidan 2010 jobba med levetidsforlenging av offshoreanlegg ved å kombinera tekniske og økonomiske evalueringar i eit livstidsperspektiv. Han har stor erfaring i rolla som prosjektleiar for fleirfaglege prosjekt, inkludert lean-metoder og business case-fokuserte moglegheitsstudiar for kostnadsinnsparingspotensial knytt til utnytting av digitale evner.