Fleksibel og distriktsvennleg sjukepleiarutdanning

Universitetet i Stavanger har fått støtte til å utvikla ein modell for fleksibel og distriktsvennleg bachelor i sjukepleie frå HK-dir med oppstart i Ryfylke i 2022, og i 2024 i Dalane-regionen og Hå kommune.

Publisert Sist oppdatert
Illustrasjon av sykepleiere i ulike arbeidssituasjoner

Det er eit stort behov for fleire sjukepleiarar i distrikta i Rogaland. Som ei følgje av dette tok Det helsevitskaplege fakultetet ved UiS initiativ til å oppretta ei distriktsvennleg sjukepleiarutdanning. Prosjektet søkte våren 2021 om økonomisk støtte og vart tildelt 9,1 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Formålet var å etablera ei distriktsvennleg utdanning med geografisk tilknyting til Ryfylke, og det langsiktige målet er at utdanningsmodellen kan rullera i ulike distrikt i Rogaland.

Hausten 2022 starta studentane i Ryfylke på utdanninga. Frå 2024 vil vi tilby ei fleksibel og distriktsvennleg sjukepleiarutdanning i Dalane og Hå kommune.

Studiet har same studieplan som det ordinære bachelorprogrammet i sjukepleie, men er tilpassa studentar som ikkje kan møta på campus dagleg. Undervisninga baserer seg i større grad på innovativ bruk av digitale læringsverktøy og læringsrom, og dei digitale løysingane er integrerte med studentaktiv læring. Dette arbeidet blir gjort i tett samarbeid med NettOp, UiS avdelinga si for utvikling av digitale læringsressursar.

Fakta
Samarbeidspartnarar Ryfylke

Ryfylke IKS, Hjelmeland kommune, Sauda kommune, Strand kommune og Suldal kommune

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Samarbeidspartnarar Dalane

Dalane Utdanningssenter, Hå kommune, Eigersund kommune, Sokndal kommune, Lund kommune og Bjerkreim kommune

Prosjektleiar

Marie Undheim