Bacheloroppgåve i nordisk språk og litteratur (NOR291)

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid. I dette emnet skal ein skriva ei språkleg eller litterær bacheloroppgåve knytt til eit relevant tema innanfor nordiskfaget.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR291

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Ein tar utgangspunkt i ei av dei to prosjektskissene ein har laga i NOR271 og NOR272. Til arbeidet med bacheloroppgåva vil ein få tildelt ein personleg rettleiar. Målet med emnet er dels å bygga opp spesialkompetanse innanfor det valde spesialfeltet av nordisk språk eller litteratur, dels å få auka forståing for korleis forsking blir nytta til å etablera kunnskap innanfor faget.

Læringsutbytte

Læringsutbytte dersom ein vel å skriva språkleg oppgåve

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking.
  • vera godt kjend med oppdatert faglitteratur innanfor det utvalde området.
  • ha kjennskap til sentrale metodar og analyseverktøy innanfor fagområdet oppgåva tek føre seg.
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving.
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar.
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve.
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga.
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon.
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving.
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale.
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt.
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt.
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga.

Læringsutbytte dersom ein vel å skriva litterær oppgåve

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha brei praktisk forståing for korleis ein gjer bruk av teoridanning på konkret materiale innanfor litteraturforskinga.
  • ha meir djuptgåande kunnskap om bruk av teoridanning på konkret materiale innanfor eit spesialisert område.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna formulera ei problemstilling.
  • kunna planleggja og strukturera ei større vitskapleg oppgåve.
  • kunna bruka teori i praktisk analysearbeid.
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver.
  • ha evne til kritisk tenking.
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis.
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt.
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt.
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga.

Forkunnskapskrav

Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande).

Eksamen / vurdering

Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 5000-7000 ord frårekna referansar, tabellar og vedlegg. Bacheloroppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvara i NOR271 er skrivne på nynorsk, men på nynorsk dersom eksamenssvara i NOR271 er skrivne på bokmål.God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, blir dette rekna som å presentere arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av tittel og innlevering av utkast
Innlevering av tittel, innlevering av utkast

Fagperson(er)

Faglærar:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformar

Individuell rettleiing

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Bacheloroppgave i nordisk (NOR290_1) 10

Åpent for

Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk fordjuping

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto