Litteraturvitskaplege teoriar og metodar (NOR271)

I dette emnet blir du introdusert for sentrale teoriar og metodar innanfor litteraturforskinga. Vesentleg for tileigninga står arbeidet med å applisera teoretiske tekstar på skjønnlitteratur, slik at ein forstår korleis bruken av teori og metode artar seg i praksis.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR271

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

I dette emnet møter ein både reint teoretiske tekstar og tekstar der det teoretiske stoffet er applisert på skjønnlitteratur. I tillegg gjer ein konkrete appliseringar gjennom diskusjonar i samband med undervisinga. Ein får eit oversyn over litteraturvitskapens historie, konkretisert til dei ulike retningane innanfor litteraturforskinga. Men hovudvekta ligg på teoriar som vil vera nærliggande for studentane å aktualisera i bacheloroppgåva si. Ei vesentleg side ved litteraturforskingas teoretiske tilfang, er at ein i tillegg til spesifikt litteraturvitskapeleg teori og metode òg gjer bruk av tankar frå filosofi, psykologi, samfunnsvitskap etc. som utgangspunkt for perspektiverte lesingar.

Ein sentral del av kurset er å utvikla forståing for kva for nokre problemstillingar dei einskilde teoriane og metodane er veleigna til å søkja svar på. Dette gjer at ein sjølv kan utarbeida problemstillingar/forskingsprosjekt der ein stiller spørsmål som ligg innanfor rammene av den aktuelle teorien ein brukar.

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha tileigna seg kunnskap om litteraturteorien og -metodikkens historiske utvikling, med særleg vekt på nokre av den seinare tidas mest markante retningar. Kurset vil bli undervist i starten av semesteret, før ein går i gang med skriving av bacheloroppgåva.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om sentrale retningar og omgrep innanfor litteraturvitskapens teoriutvikling.
  • vera godt kjend med den perspektiverte lesinga som fenomen og praksis.
  • ha djupare kjennskap til nokre sentrale retningar innanfor nyare litteraturforsking.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

  • applisera litteraturvitskaplege teoriar og metodar på konkrete tekstar.
  • kjenna att heilt sentrale grep innanfor litteraturforskinga, og sjølv gjera lesingar der ein held seg innanfor det som er omfatta av fagets kollektive sjølvforståing.
  • utvikla prosjekt der ein kombinerer konkret litteraturteori med problemstillingar det synest nærliggande å søka svar på med utgangspunkt i den valde teorien.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha ei god forståing for kva litteraturvitskap er for noko, og kunna operera med kjennskap til kva som ligg innanfor og utanfor fagets rammer.
  • forstå korleis akademiske seminar fungerer.

Forkunnskapskrav

Minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande).

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen 1/1 5 Timar Bokstavkarakterar Inga hjelpemiddel tillate

Eksamen består av ei elle fleire skriftlege oppgåver knytt til kursets pensum. Det kan dreia seg om reint teoretiske spørsmål, om applisering, eller ein kombinasjon av desse. Eksamenen skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (NOR291) blir skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva blir skriven på bokmål.Under prosjektseminaret, som kjem mot slutten av emnegjennomføringa, skal kvar student presentera ei sjølvstendig utarbeidd prosjektskisse. Dette skal vera eit konkret opplegg til ei BA-oppgåve med litterær innretting, som oppfyller nærmare presiserte krav til utforming. (Det er frivillig om ein vel å skriva BA-oppgåva med utgangspunkt i denne skissa, eller om ein vel å gå vidare med den språkvitskapelege prosjektskissa.) Det er obligatorisk, kort rettleiing før seminaret. I tillegg til å presentera eige prosjekt, vil kvar student fungera som opponent for ein av sine medstudentar. Deltaking på seminaret og prosjektskissa blir vurdert som greidde/ikkje greidde.God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk oppmøte, Godkjent framlegg

75 prosent obligatorisk oppmøte i prosjektseminaret. Ved fråvær utover dette må ein rekna med kompenserande oppgåver.

Godkjent framlegg på prosjektseminaret.

Det er obligatorisk, kort rettleiing før seminaret.

Fagperson(er)

Faglærar:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformar

I undervisinga vil meir førelesingsorienterte gjennomgangar frå undervisaren si side veksla med konkrete diskusjonsoppgåver. Dei avsluttande gongene der studentane presenterer eigne prosjektskisser og er opponentar, vil kurset ha seminarform.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Litteraturvitenskapelege teoriar og metodar (UNOR271_1) 10

Åpent for

Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk fordjuping

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto