Dialektar og språkvariasjon (NOR124)
Emnet gjev ei innføring i tradisjonelle norske dialektar og vilkåra for språkvariasjon i dagens norske talemål.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
NOR124
Versjon
1
Vekting (stp)
5
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter å ha fullført emnet skal studenten
- ha brei kunnskap om utviklinga av dei norske dialektane og kva som skil og særmerkjer dei
- kjenna til kriterium for inndelingar av dei norske dialektane.
- ha brei kunnskap om dialektologisk teori om korleis dialektar utviklar seg innanfor eit større geografisk område.
- ha god kunnskap om grunnleggjande omgrep innanfor sosiolingvistikk og språkvariasjon.
Ferdigheiter
Etter å ha fullført emnet skal studenten
- kunna gjera greie for målgeografiske inndelingar av norske talemål og kunna bruka desse i praktiske oppgåver saman med andre studentar.
- kunna analysera norske dialekttekster fonologisk, morfologisk og syntaktisk og påvisa kva type talemål det dreiar seg om, og kunna drøfta ulike argument for den dialektgeografiske plasseringa.
- kunna kommentera språkleg og vera med på kollektive diskusjonar om eit utval talemålstekster frå ulike geografiske område og kunna setja dei inn i ein sosiohistorisk samanheng.
- kunna gjera greie for sosiale variablar som påverkar norsk talemål ut frå dei teoretiske rammene for fagfeltet, og analysera døme på sosialt styrd variasjon i samtalar og tekster.
Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet skal studenten
- kunna visa korleis dialektologiske tilhøve påverkar språkleg variasjon.
- kunna registrera og drøfta med andre fagpersonar skilnader og likskapar mellom ulike språk og dialektar.
- kunna drøfta og analysera talespråkleg materiale i samsvar med gjeldande normer og forventningar til ein fagperson innanfor faget, i samspel med medstudentar og faglærar.
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skriftleg heimeeksamen | 1/1 | 3 Dagar | Bokstavkarakterar | Alle |
Eksamensoppgåva skal skrivast på nynorsk. 1500 ord +/- 10 prosentGod skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, vert dette rekna som å presentera arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisninga (inkl. gruppeseminar). Undervisninga er lagd opp slik at den faglege kompetansen blir oppnådd gjennom at teoripensumet blir kombinert med ulike former for språkleg materiale. Dette skjer gjennom øvingar og drøftingar saman med studentane. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisninga. Dersom ein er borte frå meir enn 25 prosent av undervisninga, må ein levera kompenserande oppgåver for det overskytande.
2. Munnleg presentasjon (ca. 5 minutt). Studentane skal éin gong i undervisninga ha kommentert ei dialektprøve, som innleiing til ein samtale med dei andre studentane og faglæraren. Desse presentasjonane vert gjennomførde anten på førelesing eller i gruppeseminar, og to og to studentar kan gå saman om å løysa oppgåva.
Båe vilkåra må vera oppfylte for at studenten skal kunna gå opp til eksamen.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Klaus Johan MyrvollStudiekoordinator:
Margrethe MelinArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Språkhistorie og talemål (NOR135_1) | 5 |
Språkstruktur og språkvariasjon (NOR175_1) | 5 |
Dialektar og språkvariasjon (UNOR124_1) | 5 |