Tekst og tolking (NOR113)

Gjennom emnet vil studentane utvikle analytiske ferdigheiter knytt til dei tre litterære grunnsjangrane epikk, lyrikk og dramatikk. Tekstkulturen er opprørsk, eksperimentell og utfordrar stadig det etablerte - det er litteraturen som skapar sjangrane.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

NOR113

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Emnet vil gje eit innblikk i den historiske utviklinga av grunnsjangrane frå antikken til i dag, og kompetanse til å analysere tekstar i lys av sjangertradisjonen. Samstundes vil studentane få innsikt i at tekstar ikkje alltid innrettar seg etter litterære konvensjonar.

Det vesentlege for å kunne analysere ein skjønnlitterær tekst, er å få etablert ei forståing av kva som er denne teksten sin måte å vere litteratur på. Sjangerlæra gjev oss ei forståing for korleis teksten me har føre oss plasserer seg i det store landskapet av teksttypar. I tillegg finst det innanfor faget ei vifte av etablerte praksisar for korleis ein konkret går fram når ein analyserer tekstar innanfor dei ulike sjangrane.

Det overordna målet med kurset er at studenten skal få ei forståing av korleis ein tenker og handlar som fagperson innanfor nordisk litteraturvitskap. I dette inngår både teoretiske kunnskapar om korleis ein tenker, og praktiske ferdigheiter knytte til å kunne utføre analysar på måtar som er i tråd med praksisane innanfor fagfeltet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre.
  • vere godt kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep.
  • ha innblikk i nordisk litterær tradisjon frå eit sjangerperspektiv.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori og etablert praksis for korleis ein gjer bruk av teorien i analysearbeidet.
  • kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling.
  • kunne utvikle sjølvstendige resonnement i analysearbeidet.
  • kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunne handtere tekstar og sjangrar på ein fagleg måte.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1/1 2 Veker Bokstavkarakterar Alle

Utfyllande presisering av eksamensoppgåva: Heimeeksamen - omfang på 2000 ord (+/- 10 %) - skal skrivast på nynorsk.Alle hjelpemiddel tillatne, med føljande presisering:God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vere eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiere inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, blir dette rekna som å presentere arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk oppmøte, Innleveringsoppgåve

1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisning (inkl. skriveseminaret).For lektorstudenter gjelder dette kravet også for didaktiske seminar. Dersom ein er borte frå meir enn 25 prosent av undervisninga, må ein levera kompenserande oppgåver for det overskytande.

2. Innleveringsoppgåve:

  • omfang på 1000 ord (+/- 10 prosent)
  • målform: bokmål
  • blir vurdert med greidd/ikkje greidd

Alle vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levere oppgåva på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Ingrid Nielsen

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Arbeidsformar

Forelesingar og seminar.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Tekst og tolking (UNOR113_1) 10
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165_1) 10
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) 10

Åpent for

Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Historie - bachelorstudium Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium
Opptak til enkeltemne ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Lektorutdanning for trinn 8-13 Nordisk - årsstudium

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto