Materiell kultur (BSS298)
Emnet handlar om forholdet mellom den materielle verda og sosiale forhold, og gir ei innføring i grunnleggjande perspektiv og teoriar knytt til materiell kultur.
Den materielle verda er dei fysiske strukturane som omgir oss, omgjevnadar og objekt vi lever i og med. Vi bruker og kastar objekt, handlar med objekt, forstår oss sjølve i relasjon til materielle objekt. Som menneske er vi djupt forankra i den materielle verda, vi både styrer og vert styrt av ting, i eit komplekst samspel.
Den materielle verda påverkar og er integrert i sosialt liv, relasjonar og prosessar - og den sosiale verda legg premiss for og er tett samanvevd med sine materielle vilkår.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
BSS298
Versjon
1
Vekting (stp)
10
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Ei sentral problemstilling i emnet er korleis materielle objekt og omgjevnadar verkar inn på relasjonar mellom menneske og omvendt. Til dømes: Kva fortel søppel om menneskeleg liv og relasjonar? Korleis er makt innebygd i arkitektur? Kva kan eit studium av flip-flop sandalar avdekka om makrofenomenet globalisering?
Meiningsinnhaldet til den materielle verda er ikkje gitt på førehand, men må studerast og analyserast i relasjon til historiske, kulturelle og strukturelle dimensjonar. Emnet gir innføring i teoriar om materiell kultur og nymaterialistiske teoriar, og er elles fylt med enkeltståande temaforelesingar om tema som arkitektur, heim, kunst, avfall, plast og landskap. Gjennom desse analyserer emnet meir overordna tema som kulturelle skiljelinje, makt, globalisering og identitet. Dei teoretiske perspektiva i kurset er henta frå mellom anna Jane Bennett, Daniel Miller og Bruno Latour.
Læringsutbytte
I dette emnet lærer du å tenkja analytisk om temaet materiell kultur. Det handlar mellom anna om å identifisera spørsmål og problemstillingar knytt til sosiologiske studiar av materiell kultur, og å innhenta informasjon for å svara på dei. Vidare handlar det om å analysera informasjonen og presentera resultatet. Du lærer å ta til deg, produsera og systematisera kunnskap om materiell kultur, og å forholde deg kritisk til kunnskap og forskning.
Kunnskapar:
Etter fullført emne vert det forventa at studenten har erverva seg kunnskap om
- sosiologiske og tverrfaglege perspektiv på materiell kultur
- ny-materielle perspektiv
- relasjonar og påverknad mellom den materielle verda og sosiale forhold
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne
- bruka omgrep og teoriar om materiell kultur
- bruka perspektiv om forholdet mellom den materielle og den sosiale verda i kulturelle og samfunnsvitskaplege analysar
- gjera seg nytte av omgrepa og teoriane frå emnet i samfunnsdebattar og faglege diskusjonar
Generell kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten
- ha lært seg å retta seg aktivt og sjølvstendig til fagstoffet og ha utvikla sine evner til kritisk lesing, refleksjon og analyse
- ha øvd seg på analytisk tenkemåte; identifisera problem/faglege spørsmål, innhenta informasjon/data, analysera, presentera
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | 1/1 | 3 Dagar | Bokstavkarakterar | Alle |
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Merete Hermansen JonvikFaglærar:
Ragnhild Johanne SjurseikeArbeidsformar
Det krevst at studentane arbeider sjølvstendig med faget. For å oppnå forventa læringsutbyte må studentane delta aktivt i den organiserte undervisninga, jobba med gruppeoppgåver og lesa pensum grundig.
Den organiserte undervisninga består av forelesingar i vårsemesteret. Det vil bli lagt til rette for sjølvorganisert gruppearbeid.
Emneevaluering
Det vert lagt til rette for tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er å få tilbakemeldingar frå studentane til moglege endringar og justeringar i emna i inneverande semester. I tillegg skal det gjennomførast digital emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhenta studentane sine erfaringar med emnet.