Undersøkande journalistikk (BJO201)

Undersøkande og samfunnskritisk journalistikk er ein grunnstein i pressa sitt samfunnsoppdrag. Sakene får ofte eit stort publikum, og kan føra til endringar i samfunnet. I dette emnet lærer du korleis du kan avdekka kritikkverdige tilhøve i samfunnet med å jobba systematisk, metodisk og langsiktig.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

BJO201

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Emnet er ein kombinasjon av undervisning og praktisk arbeid. Sentrale tema er metodar innan undersøkende journalistisk, analytisk tilnærming til kjeldearbeid og verifisering av informasjon.

Emnet går parallelt med BJO202 Forteljande journalistikk. Dei to emna utfyller kvarandre, der BJO201 tar sikte på å finna, illustrera og analysera data.

Læringsutbytte

Ved fullført emne er det forventa at studentane sit att med følgjande kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal ha kunnskapar om:

  • journalistiske undersøkende metodar.
  • kjeldekritikk og -pleie.
  • datajournalistikk.
  • verifisering av informasjon.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • visa saklegheit og omtanke ved val av kjelder og journalistisk metode.
  • henta og bruka informasjon frå digitale databasar.
  • gjera ein grunnleggjande statistisk analyse og presentera resultata i eit digitalt format.
  • reflektera over etikken i eige og andre sitt journalistiske arbeid.

Generell kompetanse

Studenten skal ha tileigna seg kompetanse til å kunne:

  • grava fram, dokumentera og illustrera redaksjonelle saker
  • finna relevante kjelder og gjera ei kritisk vurdering av sanningsgehalten i informasjonen som kjem frå kjeldene.

Forkunnskapskrav

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Grunnleggjande kunnskap om journalistikk er anbefalt.

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen 1/1 3 Timar Bokstavkarakterar

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatoriske oppgåver

Obligatoriske oppgåver skal vera godkjente og bestått. Det er obligatorisk deltaking i alle seminar og prosjekt i emnet.

For å kunna framstille seg til prøving i eit emne kan kandidaten ikkje ha meir enn totalt 20 prosent fråvær (inkludert gyldig og ikkje-gyldig fråvær). Gyldig fråvær på grunn av sjukdom eller annan tvingande fråværsgrunn - jf. forskrift om studier og eksamen ved UiS § 3-8 nr.3 - må dokumenterast. Ikkje-gyldig fråvær kan ikkje overstiga 10 prosent. Fråværsregelen gjeld obligatorisk aktivitet, seminar og prosjekt.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Mathias Oppedal

Instituttleiar:

Oluf Langhelle

Arbeidsformar

Førelesingar, prosjektarbeid, seminar, praktiske øvingar og arbeidskrav. All undervising er eksamensrelevant. Emnet er del av eit fulltidsstudium og kan vanskeleg kombinera med fast arbeid eller annan tidkrevjande aktivitet. Emnet blir gjennomført i tett samarbeid med emnet BJO202 Fortellende journalistikk.

Åpent for

Journalistikk - bachelorstudium

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto