Norsk 2 (5-10. trinn) (MGL2322)
Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 5-10 med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom skriving av ei forskings- og utviklingsoppgåve og anna arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MGL2322
Versjon
1
Vekting (stp)
30
Semester undervisningsstart
Vår
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om opplæringa på ungdomstrinnet. Studiet vil gi studentane kunnskapar om teksttypar og tekstkulturar som er relevante for denne aldersgruppa, slik at dei kan rettleie og motivere alle elevar ut frå behova hos den einskilde eleven.
Samanhengen mellom språk og tekst står sentralt. I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og teksttypar, og korleis desse har utvikla seg over tid fram til notida sine digitale uttrykk. Her er vi innom språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot ungdom og vaksne. Vidare trening av litterær forståing blir lagt vekt på gjennom samtalar, analyse og tolking, og gjennom vurdering av tekstar sine kvalitetar og bruksområde med utgangspunkt i eleven sitt møte med teksten.
Læraren si evne til fagleg fundert og variert formidling står sentralt. Det blir også arbeidd med karaktervurdering. Emnet gir innsikt i forsking om tilrettelegging, kontekstualisering og didaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin identitet, fagleg kunnskap, kulturforståing, språk- og tekstkompetanse og evne til kritisk refleksjon. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eitt av desse perspektiva.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Kandidaten
• har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar
• har kunnskap om ulike litteratur- og språkteoriar og relevante forskingsperspektiv
• har god kunnskap om norsk som første- og andrespråk
• har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
• har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
• har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur for barn, unge og vaksne frå ulike tider og kulturar og i ulike medium og modalitetar
• har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
FERDIGHEITER
Kandidaten
• kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av og arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium frå ulike perspektiv, på varierte måtar og tilpassa ulike formål
• kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium og for ulike formål
• kan gjere fagdidaktiske val som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i det vidare arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene i norskfaget
• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
• kan formidle og utøve norskfaget som kultur-, kommunikasjons-, dannings- og identitetsfag
• kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
• kan drøfte problemstillingar knytte til norskdidaktisk forsking, utviklingsarbeid og forskingsetikk
• kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 individuelt og i samarbeid med andre
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
FOU-oppgåve og munnleg eksamen
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
FOU-oppgåve | 1/2 | Bokstavkarakterar | ||
Muntleg eksamen | 1/2 | Bokstavkarakterar |
Forsking- og utviklingsoppgåve (FoU-oppgåve)FoU-oppgåve skal ha eit omfang på 6 000 til 10 000 ord. Oppgåva skal skrivast individuelt. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Målform er valfri.Munnleg eksamenMunnleg eksamen er ein individuell fagsamtale. Den faglege samtalen dreier seg om ei oppgåveformulering som kandidaten får eit døgn før eksamen. Denne oppgåveformuleringa blir utforma på bakgrunn av eit refleksjonsnotat som har blitt levert av praksisgruppa som studenten høyrer til (sjå arbeidskrav). I fagsamtalen legg kandidaten fram faglege og fagdidaktiske perspektiv på den gitte oppgåveformuleringa. Vurderinga varer i 15-20 minutt. Vurdering: A-F.Viss ein student ikkje har bestått praksis (på grunn av fråvær, sjukdom eller liknande), vil studenten få ei oppgåve knytt til pensum.Kontinuasjonseksamen vil følgje same oppsett som ordinær eksamen. Vurdering: A-F.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
• Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling
• Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt
• Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg før praksis
• Refleksjonsnotat om praksis, pensum og førelesingar (1000 ord). Refleksjonsnotatet skal skrivast i praksisgruppene, eitt notat per gruppe. Notatet skal skrivast på nynorsk.
Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får éi ny innlevering i omarbeidd form. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.
Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga, som også gjeld timar utan faglærar der studentane sjølve arbeider med gitte problemstillingar.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Hanne Egenæs StaursethFaglærar:
Åsmund HennigStudiekoordinator:
Kjersti GjedremArbeidsformar
Praksis
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Språk og litteratur i tid og rom - med vekt på ungdomstrinnet (MGL2122_1) | 15 |
Skulens tekstar, med særleg vekt på ungdomsskulen. FoU-oppgåve (MGL2220_1) | 15 |
Språk og litteratur i tid og rom - med vekt på ungdomstrinnet, Skulens tekstar, med særleg vekt på ungdomsskulen. FoU-oppgåve ( MGL2122_1 MGL2220_1 ) | 30 |