Litteratur, lesing, samtale - med vekt på mellomtrinnet (MGL2120)

Dette er eit innføringskurs i litteratur, med vekt på mellomtrinnet. Her blir ein introdusert for litteratur for unge lesarar. Litteratur og litteraturdidaktikk står sentralt med mellom anna litterære samtalar og lærarfagleg analyse som to hovudelement. Emnet er delt opp i tre delar: "det munnlege", "lesing" og "skriving". Til desse tre er det knytte ulike arbeidskrav og aktivitetar.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2024-2025. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

MGL2120

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Faget i utdanninga Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike medium, sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

NORSK 1

Norsk 1 består av del 1, emnet MGL2120 på 15 studiepoeng, og del 2, emnet MGL2121 på 15 studiepoeng. Dei første 30 studiepoenga i norsk språk, litteratur og fagdidaktikk er særleg retta mot mellomtrinnet. Her er innføring i fagdidaktisk kunnskap, språklege og litterære emne. Døme på dette er tekstval, grunnleggjande ferdigheiter, munnleg kommunikasjon samt vidare lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

NORSK 1 - del 1

Emnet MGL2120 - Litteratur, lesing, samtale - med særleg vekt på mellomtrinnet

Dette emnet er ei innføring i litteratur og litteraturdidaktikk. Ei tredeling i "Det munnlege", "Lesing" og "Skriving" gir ei brei inngang til korleis det er mogleg å arbeide med litteratur i skolen. Første del konsentrerer seg om korleis litteratur kan vere ein inngang til utforskande samtalar og om kva som kjenneteiknar det å snakke om det ein har lese, høyrd eller sett på skjerm. Litteratur, tekst og samtale blir derfor viktig i denne delen. Her arbeider ein med ulike formar for samtale og korleis ein kan leggje til rette for undervisninga mellom anna også gjennom opptak av samtalar. I "Lesing" blir det arbeidd med kva som kjenneteiknar litteratur for mellomtrinnet gjennom mellom anna å sjå på det universelle i eventyrsjangeren, den norskfaglege verdien ved dataspel og kva som pregar ein barnleg lesar. Det blir også arbeidd med lærarfaglege analysar av tekstar som potensielt skal brukast i skolen. Gjennom å lese litteratur frå det samiske språkområdet blir også multiperspektivisme diskutert. Gjennom arbeid med for eksempel fantasy, eventyr, biletbøker og teikneseriar blir breidda i mye av barne- og ungdomslitteraturen presentert. Her blir også internasjonale og intertekstuelle perspektiv på fleire av sjangrane lagt vekt på. I den siste delen kalla "Skriving" blir det satt i gang skriving av ulike norskfaglege akademiske tekstar, blant anna ei fagleg oppgåve. Her kjem ein inn på kva som er krav til ein fagleg tekst kva gjeld forskingsspørsmål, referansar og analysar. I denne delen får studentane også innføring i korleis å ta imot respons og vidareutvikle tekstane sine basert på tilbakemeldingar.

Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift §5.

Arbeidsmengd

Universitetet i Stavanger definerer eit studieår til 40 veker, og arbeidsmengda per 30 studiepoeng er estimert til 412 timer, det vil seie 41,2 timer per veke i snitt. Dette inkluderer forelesingar og seminar og studenten sitt for- og etterarbeid knytt til forelesingar og seminar, slik som å lese pensum, setje seg inn i emneplanen sin omtale av læringsmål, delta i kollokvie- eller lesegrupper osv. Timane inkluderer dessutan praksis, arbeidskrav og liknande. Talet på sider for oppsett pensum per 15 studiepoeng er berekna til 1200-1500 sider, men vil til ei viss mon vere avhengig av kva type tekstar som blir sette opp.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk, bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar for barn og unge
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur, og om fagdidaktikk for samisk i norskfaget
  • har kunnskap om vurdering, nasjonale prøver og læremiddel, digitale og andre, med vekt på mellomtrinnet
  • har god kunnskap om lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om litteratur og språk i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevar på mellomtrinnet får lese sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan vurdere ulike digitale spel for bruk i undervisning

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan med vekt på litteratur, lesing og samtale vurdere eigen praksis på mellomtrinnet opp mot gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
  • kan formidle fagstoff om litteratur i relevante uttrykksformer for mellomtrinnet
  • kan skrive akademiske fagtekstar og er stø i bokmål

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Mappeeksamen 1/1 Bokstavkarakterar

Mappevurdering av to omarbeidde arbeidskrav i emnet. Til vurdering vel studenten ut to av desse tre arbeidskrava som kan omarbeidast.1. Innlevert fagleg tekst (individuell, 2000 ord, +/-10%)2. Refleksjonstekst knytt til norskfaglege erfaringar frå observasjonspraksis (individuell, 2000 ord, +/-10%)3. Innlevert skriftleg tekst (gruppe)Dei to utvalde arbeida blir grunnlaget for vurderinga (A-F). Vel studenten å levere den skriftlege gruppeteksten til vurdering, må studenten omarbeide teksten i eit omfang som gjer at kravet om 60% individuelt arbeid blir oppfylt.Ved stryk kan kandidaten velje mellom å omarbeide dei allereie innleverte elementa, eller velje å erstatte eit element med eit nytt omarbeidd arbeidskrav. Ved stryk vil kandidaten ikkje få moglegheit til vidare rettleiing. Kravet om 60% individuelt arbeid må vere oppfylt. Den omarbeidde mappa blir levert i den ordinære perioden for kontinuasjonseksamen.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Refleksjonstekst, Lydopptak, Multimodal presentasjon (gruppe), Fagleg tekst, Skiftleg analyse av ein munnleg tekst (gruppe), Obligatorisk undervisning
  1. Fagleg tekst (individuell, 2000 ord +/- 10 %)
  2. Refleksjonstekst knytt til norskfaglege erfaringar frå observasjonspraksis (individuell, 2000 ord +/- 10 %)
  3. Innlevert skriftleg tekst (gruppe)
  4. Presentasjon (gruppe)
  5. Lydopptak av gjennomført litterær samtale (gruppe)

Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får lov til å levera inn på ny ei gong i omarbeidd form.

Alle dei fem arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Alle arbeidskrava har valfri målform, men begge målformer skal vere representerte.

Dette emnet har mappevurdering som eksamensform. Til vurdering vel studenten to av dei tre skriftlege arbeidskrava som kan omarbeidast. Før endeleg innlevering av mappe (eksamen) vil det bli tilbydd rettleiing på elementa som studenten vel til mappa.

Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Sofija Svendsen

Faglærar:

Åsmund Hennig

Studiekoordinator:

Kjersti Gjedrem

Praksiskoordinator:

Kitty Marie Garborg

Arbeidsformar

Arbeidsmåtar vil vere forelesingar, seminar, dialog, gruppearbeid, gruppepresentasjonar, dramatiseringar, individuelt arbeid, lesing og skriving. Det blir også digitale diskusjonar. Studentane må heile tida vere merksame på at alle arbeidskrava fortløpande skal leverast i Canvas. Dette skal skje i samanheng med dei tre delane emnet er organisert i: "Det munnlege"; "Lesing" og "Skriving".

Praksis

Studentane skal ha 5 dagar med observasjonspraksis og 5 dagar med praksis, to veker til saman. Det skal også lagast ei individuell refleksjonsoppgåve frå observasjonspraksis. Denne skal ta utgangpunkt i korleis det blir arbeidd munnleg med tekstar i norskfaget.

Åpent for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto