Caring Futures: Utvikling av omsorgsetikk for teknologimediert omsorg

Forskingsprosjektet Caring Futures: Developing Care Ethics for Technology-Mediated Care Practices vil vidareutvikla omsorgsetikk i ei stadig meir teknologisk helse- og velferdssektor.

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Prosjektperiode

2020 - 2025

Budsjett

20 millionar

Kontakt

Prosjektleiar, professor Ellen Ramvi

Forskarar vil sikra omsorgskvaliteten i ei framtid med aukande bruk av teknologi-medierte omsorgspraksisar.

Befolkninga i verda eldest. I tiåra framover vil delen eldre auka kraftig, og sjukdomsbyrden veks tilsvarande. På bakgrunn av dette er det politisk bekymring for aukande press på ressursgrunnlaget i velferdsstaten i framtida. Meir effektivitet og innovasjon i helse- og velferdstenestene blir sedde på som svar på denne ressursutfordringa.

Utvikling og bruk av ny teknologi er presentert som ein sentral del av løysinga. Teknologi skal vera eit verktøy i omsorgstenestene, men kan ikkje erstatta alle aspekt ved tradisjonell omsorg som finn stad i relasjonen mellom brukarar og fagpersonar. Førebels har vi lite kunnskap om slike omsorgsetiske aspekt ved teknologisk innovasjon, også innanfor dagens teknologi-medierte omsorgspraksisar.

Har identifisert kunnskapshol

Forskargruppa har identifisert to betydelege kunnskapshol: 1) at det i det aukande kravet i samfunnet om ny teknologi i omsorgspraksis manglar omsorgsetisk forståing, og 2) at det i det teoretiske grunnlaget til omsorgsetikken, manglar ei forståing av at teknologi allereie inngår i omsorgspraksisar. Dette utgjer ein betydeleg samfunnsmessig, kulturell og vitskapleg utfordring, som forskingsprosjektet Caring futures skal finna svar på.

Vi undersøker omsorgsetiske spenningar mellom behovet i samfunnet for bruk av meir og ny teknologi i dagens helse- og velferdstenester på den eine sida, og tradisjonelle, relasjonsbaserte og profesjonelle omsorgskulturar på den andre. Vi vender oss til den klassiske omsorgsetikken, men har som mål og fornya omsorgsetisk teori på ein måte som tar rolla til teknologien i omsorgspraksisar på alvor.

Praksisnær kunnskap om etiske utfordringar

Prosjektet gir ny kunnskap til brukarar og profesjonelle i primær- og spesialisthelsetenestene, og dessutan velferdstenestene og samfunnet som heilskap. Målet vårt er å bidra med forsking som kan sikra kvalitet i teknologi-medierte omsorgspraksisar, og å ta vare på omsorgsetiske perspektiv på relasjonsarbeid, med implikasjonar for praksis, policy og utdanning. Forskingsprosjektet vil, med andre ord, utvikla eit omsorgsetisk paradigme for omsorgsfulle framtider.

Prosjektet består av fire arbeidspakkar knytt til fire ulike teknologi-medierte omsorgsfelt:

  • Elektronisk standardisering i barnevernstenesta (leder Ida Bruheim Jensen, Institutt for sosialfag, Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiS)
  • Profesjonelle si sjølvforståing og ideal i teknologi-mediert helsearbeid (leder Ellen Ramvi, Avdeling for omsorg og etikk, Det helsevitskaplege fakultet, UiS)
  • Førestillingar om teknokropper og omsorg (leder Ingvil Hellstrand, Avdeling for omsorg og etikk, Det helsevitskaplege fakultet, UiS)
  • Leiing, design og implementering av teknologi i omsorgspraksis (leder Brita Gjerstad, Institutt for sosialt arbeid, Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiS)

Du kan finne meir informasjon om desse på våre engelske nettsider.

Aktuelt

Kronikker og omtaler

Prosjektleiar

Professor i sykepleierfag
51834179
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Leiar arbeidspakke 1Leiar arbeidspakke 2Leiar arbeidspakke 3Leiar arbeidspakke 4
Førsteamanuensis i barnevern
51831690
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag
Professor i sykepleierfag
51834179
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Førsteamanuensis i tverrfaglig kjønnsforskning
51831543
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Førsteamanuensis i sosialt arbeid
51832799
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt for sosialfag

Forskarar

Ekstern tilknyttet UiS
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Ekstern tilknyttet UiS
51831338
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Ekstern tilknyttet UiS
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Professor i bibelvitenskap
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk
Stipendiat i kjønnsstudier
51831605
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Professor for Nettverk for velferdsforskning
51834237
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Vitenskapelig styringsgruppe

Lynn Froggett
Professor of Psychosocial Welfare
University of Central Lancashire
Tove Pettersen
Professor of Philosophy
University of Oslo
Jeannette Pols
Professor
University of Amsterdam