Velkommen til haustens første Steffens-salong, som denne gongen er ein del av Forskingsdagane og Kapittel.
![Collage med portretter av paneldeltakere](/sites/default/files/styles/large/public/2022-08/Steffens%20akademisk%20ytringsfrihet%20%28kapittel%29.jpg?itok=shLktjDq)
Det siste året har det vore fleire debattar knytt til spørsmålet om ytringsfridom i akademia, og i vår presenterte Kierulf-utvalet sin rapport om akademisk ytringsfridom. Korleis er eigentleg stoda for ytringsfridomen i akademia?
Er ytringsfridomen trua? Blir tenkinga domestisert av trigger-warningar, cancel-culture og political correctness? Eller er den akademiske fridomen trua av det økonomiske paradigmet? Er kravet om produksjon av studiepoeng like farleg som kapitalkreftene som ønsker å styre forskingsresultata? Sensurerer dei tilsette seg sjølv for å unngå den digitale gapestokken? Og blir undervisninga grå og smitta av åndeleg frigiditet om man ikkje lenger kan vitse om tyske bubilturistar under forelesninga?
I panelet: Professor og forfattar Jan Inge Sørbø, administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje og rektor ved UiS Klaus Mohn.
Ordstyrar: Brita Strand Rangnes.
![Portrettbilde av forfatter](https://www.uis.no/sites/default/files/2022-09/FotoJet%20_13_uri_0.jpg)
Det kulturelle innslaget denne gongen er ved Helene Uri, som les frå De beste blant oss – ein roman som skildrar ei akademisk verd på ville vegar.
Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.
Dette arrangementet er ein del av programmet under Forskingsdagane i Stavanger-regionen og litteraturfestivalen Kapittel.