Haustens andre Steffens-salong handlar om Henrik Steffens som pedagogisk inspirasjonskjelde

Rektor på nyvinninga Stavanger Urban Folkehøgskole, Geir Bakken, kjem til Steffens-salong for å fortelja om Henrik Steffens som inspirasjonskjelde for skulen. Steffens hadde stor påverknad på danning og utdanning i Danmark–Noreg gjennom sin fetter N.S.F. Grundtvig, som blir rekna for folkehøgskolens far. Stavanger Urban Folkehøgskole skal arrangera årlege Steffens-seminar, og Bakken vil også nytta høvet til å få innspel frå publikum om tema for desse.

Det vil bli servering av suppe før føredraget, og etterpå vil kurator Vibece Salthe gje ei omvising i den nye utstillinga Ruth Asawa – Citizen of the Universe. Kunstnaren Asawa var oppteken av at barn måtte få møte kreative fag i skulen, lenge før slike fag blei vanleg. Ho la vekt på nærleiken mellom kunsten og livet og via store delar av karrieren til å arbeide med undervisning.
Arrangementet er eit samarbeid mellom UiS og Stavanger kommune og er gratis for publikum.
Me inviterer til suppe frå klokka 16.30. Føredraget startar kl. 17.00.
Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.
Vibece Salthe er fotografert av Erik Sæter Jørgensen