Professor Kristin Armstrong-Oma ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger er valt til ny leiar i Noregs museumsforbund.
– Det å bli valgt til leiar av eit samla museums-Noreg er jo veldig kjekt - men det er skrekkblanda fryd! Når ein blir bedt om å ta eit slikt verv så er jo det ei stor tillitserklæring, og no håper eg at eg vil vera tilliten verdig, seier Armstrong-Oma.
Brenn for forsking i musea
Armstrong-Oma er professor i arkeologi, og hennar forsking har særleg kretsa omkring forholdet mellom menneske og dyr, kulturell teori og feminisme.
– Mitt hovudfokus vil vera mi hjartesak, forsking i musea. I tillegg er det mange spanande prosessar som no er i gang, som arbeidet med ny kulturmiljølov og arbeid med sannings- og forsoningskommisjonen som skal ta for seg fornorskingspolitikken og urettar begått mot urfolk og minoriteter. Dette er viktige saker som eg ser fram til å arbeida med, seiar Armstrong-Oma.
Representer breidda i museums-Noreg
Med seg i styret har ho Marianne Nielsen, Bymuseet i Bergen, Espen Frøysland, Lindesnes fyrmuseum, Karen Espelund, Museene i Sør-Trøndelag, Sven Inge Sunde, Anno museum, Ole Aastad Bråten, Valdresmusea og Mariann Wollmann Magga, Deanu ja Várjjat Museasiida/Tana og Varanger Museumsiida.
– Det er ei gruppe kloke og erfarne folk som representerer breidda i feltet, og det er betryggande, seiar Armstrong-Oma.
Armstrong-Oma er valt til leiar av styret for eitt år, fram til mars 2024.