Professor i arkeologi, Kristin Armstrong-Oma, er ny museumsdirektør på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.
– Eg gler meg stort til å ta fatt på oppgåva. Særleg fordi eg får med meg eit lag av eksepsjonelt flinke folk, mellom anna forskarar i verdsklassen, seier Armstrong-Oma.
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit tverrfaglig museum med oppgåver innafor forsking, formidling, kulturminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling.
Armstrong-Oma blir den første kvinnelege direktøren sidan museet opna i 1975.
– Det er kjempekult, og absolutt på tide! Eit av dei siste flaka av glastaket har losna, og det kjennes bra, seier ho.
– Vi skal vera relevante
Armstrong-Oma seier at hennar ambisjon er at museet skal levera høg kvalitet i alle ledd, og vera relevante for samfunnet rundt oss.
– Kulturarven som museet forvaltar er vår felles arv, og det er eit høgtidsamt ansvar å sørga for at den har best mogleg vilkår. Samstundes er kulturarven stadig relevant, seinast gjennom UNESCO-tildelingane til seterkultur og bunaden sist veka, og museet skal vera framoverlent i møte med samfunnet. Det gjer me ved å vera ein arena for den store samtalen om kven me er, gjennom våre forskingsprosjekt, forvaltningsprosjekt, utstillingar og aktivitetar, seier Armstrong-Oma.
Eit universitetsmuseum
Arkeologisk museum har vore ein del av Universitetet i Stavanger sidan 2009.
–Som universitetsmuseum skal me fortsetja å vera UiS i sentrum, og eg ynskjer å legga til rette for auka samarbeid mellom museet og dei andre fakulteta, seier Armstrong-Oma.
Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger gratulerer Armstrong-Oma som museumsdirektør, og ser fram mot vidare samarbeid.
– Me gler oss til å få Kristin Armstrong-Oma med på laget. Arkeologisk museum skal være en samfunnsaktuell arena, og eg er sikker på at Armstrong-Oma kjem til å ivareta dette på best mogleg måte, seier Mohn.
Starta som feltarkeolog
Armstrong-Oma starta sin karriere ved museet som feltarkeolog i 1998. Sidan 2013 har ho jobba fast ved museet, og har mellom anna vore leiar for avdeling formidling og forskingleder. Armstrong-Oma tok doktorgraden i arkeologi ved University of Southampton i England, og har også jobba i fleire år som universitetslektor og postdoktor ved Universitetet i Oslo. Ho er spesialist på relasjonar mellom menneske og dyr i bronsealder- og jernaldersamfunnet. Ho tiltrer som museumsdirektør 17. mars neste år.