frá haug ok heiðni – no på nett

I 62 år har det populærvitskapelege tidsskriftet frá haug ok heiðni vert utgitt med artiklar om nye funn, rapportar frå feltundersøkingar og artiklar som gjer greie for forsking og utviklingsarbeid ved museet. No kjem tidsskriftet på nett – og i tillegg vil eit utval artiklar publiserast i ei årbok før jul.

Publisert Sist oppdatert

Logo: Fra haug ok heidni

Sida 1960 har tidsskriftet blitt utgitt av Rogalands arkeologiske foreining. Foreininga blei stifta samstundes med tidsskriftet for å finansiere trykkinga med medlemskontingenten., og den 62. årgangen av frá haug ok heiðni i 2021 var slik den siste utgåva som fysisk tidsskrift for Rogalands arkeologiske foreining.

Her kan du lese frá haug ok heiðni på nett

Nettartiklar og årbok

Frå 2022 skal frá haug ok heiðni vere ei hybrid av artiklar på nett og ei fysisk årbok som ein kan bla i. Nettartiklar skal publiserast i tre slepp gjennom året, og på slutten av året vart  eit utval av desse samla i ei fin bok. Årbokserien blir gitt ut av museet sitt eige forlag.
Omlegginga kjem av den nye mediakvardagen som i stor grad er digital, men og med tanke på mijøhensyn der ein ynskjar mindre bruk av papir.
- Me håper og at det nye formatet gjer artiklane meir tilgjengelege, seier redaktør Håkon Reiersen.

Det har vore tradisjon at forfattarane i frá haug ok heiðni er både museets tilsette og fagfolk utanfor museet. Denne tradisjonen vil fortsette også med artiklane som kjem på nett.

Tidligare artiklar publiserast på nytt

Mange artiklar frå tidlegare årgangar har framleis stor aktualitet, og me har i nettversjonen høve til å løfte fram også eldre artiklar. Det digitale formatet gir og større rom for å vise lesaren vidare til ytterlegare informasjon om stader, gjenstandar og tema som er omtala i artiklane. Dette trur me vil gjere stoffet meir levande for ei større lesargruppe. Me har og som mål at den fysiske årboka skal bli ei flott julegåve til alle som har interesse av å lære noko nytt om Rogaland si eldste historie.