Lisabet Rita 1975. Lisabet Rita er historikar og tidlegare førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger.

Det var kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud som skreiv artikkelen om Stavanger bispestol til 800 års jubileet i 1925 (Festskriftet: Stavanger 1125-1425-1925). Kolsrud gav her eit kronologisk oversyn over bispestolens historie, med hovudvekt på mellomalderen. Dei fleste kjeldene vi har om Stavanger bispestol før reformasjonen, til dømes sagalitteraturen og diplommaterialet, omtalar oftast dei einskilde biskopane. Ikkje minst gjeld dette biskopane som politikarar. Kolsrud si framstilling er prega av dette, like eins A. W. Brøgger sitt forskingsarbeid om Stavangers historie i mellomalderen (Stavangers historie i middelalderen ,1925).
Når ein i dag skal gje eit kort oversyn over Stavanger bispestol, er det meir naturleg å sjå bort frå einskildbiskopane og heller konsentrera seg om dei tre hovudavsnitta i den eldre bispestolens historie: Skipinga av Stavanger bispestol ca. 1125. Innføringa av reformasjonen 1536. Nedlegginga av Stavanger bispestol 1682. Kva var føresetnadene for, og kva var fylgjene av desse hendingane?
Eigenleg veit ein ikkje nøyaktig kva år Stavanger bispestol vart oppretta. Både Kolsrud og Brøgger omtalar dei tre kjeldene historikarane har nytta når dei resonnerer seg fram til året 1125. Sagaene nemner at biskop Reinald var i Stavanger medan Sigurd Jorsalfar var konge i landet. Sigurd døydde i 1130. Det går fram av samanhengen i sagateksten at det ikkje var i det siste leveåret sitt at kongen var i kontakt med biskop Reinald. Den såkalla Firenze-lista frå 1120 nemner ikkje Stavanger mellom bispedømma i Norden. Den anglo-normanniske historieskrivaren Ordericus Vitalis fortel i eit skrift frå 1135 at Sigurd Jorsalfar oppretta kloster og kyrkjer i Noreg etter at dei to brørne hans hadde gått bort. Den siste av desse, Øistein, døydde i 1123. På bakgrunn av desse tre innbyrdes forskjellige kjeldene meiner Kolsrud det er sannsynleg at bispestolen vart oppretta ca. 1125.
Eit meir omdiskutert og interessant spørsmål er kva som var føresetnaden for skipinga av Stavanger bispestol. Sett frå eit rikspolitisk synspunkt er spørsmålet greitt. 1100-talet var ein stabiliserings- og ekspansjonsperiode for kyrkja i Noreg. Dei nordiske rika vart i 1104 skilde ut som ein eigen nordisk kyrkjeprovins med erkebispesete i Lund. Vesterhavsøyane fekk eigne lokale bispestolar. Det vart oppretta fleire kloster i Noreg. Dessutan vart dei tre opphavelege bispedømma frå Olav Kyrre si tid (1066 – 1093), Selja/Bjørgvin, Nidaros og Oslo delte opp på 1100-talet. Stavanger bispedømme vart til ved deling av Bjørgvin bispedømme. Det skulle omfatta Rogaland, Agder, Valdres og Hallingdal.
Kva var så dei lokale føresetnadene for at nettopp Stavanger vart utpeika som bispestolsete for dette svære området? Vi kan presisera dette spørsmålet nærmare: Kor sentralt låg Stavanger i dette nye bispedømmet? Var Stavanger ein by, marknadsplass, eller låg det ein kongsgard her før 1125? Desse spørsmåla er omdiskuterte. I boka «Stavanger - fra våg til by» tek Knut Helle for seg og drøftar forskinga på dette området. Brøgger meinte til dømes at bispestolen vart lagd til Stavanger fordi Stavanger var den einaste byen i det nye bispedømmet. Biskopane skulle til vanleg bu i byar i mellomalderen. Geografisk sett låg derimot Stavanger etter hans meining i utkanten av bispedømmet.
Helle tilbakeviser dette. Han peikar på at Stavanger låg sentralt til i bispedømmet både når det galdt trafikken sjøveges, og når det galdt dei gamle ferdselsårene over fjellet. Helle meiner dessutan at det i praksis måtte vera uråd å halda oppe regelen om at biskopane skulle bu i byar. Han viser dessutan til Asgaut Steinnes og Halvard Bjørkvik sine studiar over jordeigedomstilhøva i Rogaland i mellomalderen. Steinnes og Bjørkvik har kome til at det var ei stor samling krongods på Nord-Jæren og i Ytre Ryfylke etter rikssamlinga. Stavanger-distriktet hadde altså eit fullgodt økonomisk grunnlag for å oppretta eit nytt bispesete. Helle konkluderer likevel med at vi eigenleg ikkje veit om Stavanger var eit sentrum, og i så fall kva slags sentrum det var før bispestolen vart lagd hit. I vår samanheng er då og spørsmålet om kva fylgjer grunnlegginga av bispestolen fekk for Stavanger av større interesse.

Opprettinga av bispestolen i Stavanger førte til at den kyrkjelege sentraladministrasjonen for heile dette store bispedømmet, med omlag 170 kyrkjer, vart lagd til Stavanger. Det eldste, og også mest synlege resultatet av grunnlegginga av bispestolen, var at ein tok til med å byggja domkyrkja i Stavanger. Den eldste delen av kyrkja, det romanske skipet byrja ein å byggja under den fyrste biskopen, engelskmannen Reinald. Biskop Reinald døydde i 1135. Arkitekturen og dedikasjonen til St. Svithun tyder på at dornkyrkja vart bygd etter mønster frå Winchester-katedralen. St. Svithun var biskop i Winchester på 800-talet. Like eins har eldre historikarar, Kolsrud til dømes, meint at biskop Reinald også kom frå Winchester. Både kunsthistorikarar og historikarar set i dag spørsmålsteikn ved tilknytinga til Winchester. Det einaste vi eigenleg veit, er at biskopen var frå England, og at domkyrkja har visse engelske trekk i arkitekturen.
Altså kan vi rekna med at opprettinga av ein bispestol i Stavanger førte til at fleire utlendingar kom til staden. Dei fleste biskopane fram til ut på 1200-talet var utlendingar. Mellomalderbiskopane var for fyrstelege personar å rekna. Dei hadde store fylgje med både geistlege og verdslege hjelparar, mellom anna eiga hird. Biskopen og fylgjet hans måtte ha ein standshøveleg bustad. Medan vi veit at arbeidet med domkyrkja tok til under biskop Reinald, høyrer vi først om bispegarden i ei kjelde frå 1297. Bispegarden var truleg ferdig på eit langt tidlegare tidspunkt.
Etter at Noreg i 1152 fekk eige erkebispesete i Nidaros, vart det skipa domkapitel i tilknyting til bispeseta. I praksis ville dette seia at ein fekk organiserte prestesamfunn i tilknyting til bispestolane. Domkapitlet i Stavanger hadde også ein eigen gard, som biskopen. Denne vart kalla Kommunegarden eller Brødregarden. Prestane, kannikar eller korsbrør som dei vart kalla, hadde ei viktig oppgåve. Det var nemleg dei som valde biskopen. Dei stod også for undervisninga ved katedralskulen. Dette var ein presteskule i mellomalderen. Det er usikkert når katedralskulen vart bygd. Den eldste kjende skulebygningen stod like aust for koret i domkyrkja. Skulen vart truleg ikkje bygd før etter år 1300. Stavanger hadde alt på 1100-talet eit kloster i byen. Fyrst i 1236 vert klosteret nemnt som Olavsklosteret. Det var sannsynlegvis Olavsklosteret som stod for presteutdanninga før domkapitlet vart skikkeleg utbygd. Utstein Kloster tok seinare over dei andre oppgåvene til dette klosteret i Stavanger.
Ein må sjå på opprettinga av alle desse kyrkjelege institusjonane som ei utvikling over ei viss tid. Høgdepunktet når det gjeld byggjeverksemder var kanskje først etter brannen i 1272, under den
kjende biskop Arne. Domkyrkja fekk då det nåverande koret sitt i gotisk stil. Samstundes bygde ein bispekapellet mellom domkyrkja og bispegarden. Dei fleste soknekyrkjene av stein som enno er bevarte i Rogaland, skriv seg også frå denne perioden. Omkring 1270 fekk også bispestolen eit Hospital eit såkalla almissehus for fattige og sjuke. Hospitalet hadde også eiga kyrkje. Denne fyrste, reint humanitære institusjonen ved bispestolen er eit teikn på ei viss byutvikling i Stavanger, like eins at dei to soknekyrkjene Martins- og Mariakyrkja er nemnde i kjelder frå 1280-åra.
Kva var så det økonomiske grunnlaget til bispestolen? Vi nemnde ovafor at ein av dei lokale føresetnadene for at kongen la bispesetet til Stavanger-området, var den store samlinga av krongods her i distriktet. Kongen gav dette godset til bispestolen. Landskyldinntektene frå jordegodsa, tiendepengar frå heile stiftet, testamentgaver, bøte- og proventinntekter danna hovudtyngda av inntekten. Proventinntektene kom frå eldre som fekk opphalda seg i bispe- eller kapitelgarden for resten av levetida mot å testamentera det dei åtte til bispestolen. Vi kan kanskje kalla dette ei form for eldreomsorg. I tillegg må ein også nemna dei særrettane Stavanger-privilegiet gav bispestolen i 1163. Innhaldet i dette privilegie brevet har vorte tolka på fleire måtar. Fekk bispestolen all bygrunn i Stavanger, eller fekk bispestolen berre inntekter som vederlag for offentlege oppgåver biskopen utførte for kongen i byen? Privilegiebrevet vitnar i alle fall om at bispestolen hadde ein avgjerande posisjon i Stavangerområdet. Det var utan tvil bispestolen som fremja byutviklinga. Dette gjeld ikkje minst alle byggetiltaka, og alle naturalinntektene som vart førte til bispestolen frå heile stiftet. Naturalinntektene danna grunnlaget for Stavanger som eit handelssentrum.
Men bispestolen vart også eit politisk sentrum både på godt og vondt. Mellomalderbiskopane var også storpolitikarar. Både Kolsud og Brøgger omtal ar dei mange stridane biskopane kom opp i, særleg under borgarkrigstida (ca. 1130 – 1230). Kongen hengde til dømes Reinald, den fyrste biskopen, i 1135.
Mellomalderbispestolen førte altså til at Stavanger både vart eit kyrkjeleg, eit politisk og eit handelssentrum. Om det reint åndelege og humanitære arbeidet ved bispestolen er kjeldene derimot heller tause.
Innføringa av reformasjonen i 1536 vart eit avgjerande vendepunkt for mellomalderbispestolen. Føresetnadene for innføringa av reformasjonen var av både politisk, økonomisk og religiøs art. Vi kan kort seia det slik at den dansk-norske kongen ynskte å innføra den protestantiske kyrkjeordninga i Danmark-Noreg samstundes som han ynskte å få politisk og økonomisk kontroll over kyrkja. Vi veit positivt at overgangen til protestantismen ikkje var førebudd i stiftet. Den siste katolske biskopen, Hoskold Hoskoldson, arbeidde direkte imot den reformasjonsvenlege lensherren på Bergenhus. Stavanger låg på den tida under Bergenhus len. Sjølv vart biskopen fengsla og ført til Bergen etter at reformasjonen vart innført ved kongepåbod i 1536.
Reformasjonen førte med seg djuptgripande omskifte både for bispestolen og for biskopen. Sjølve gudstenesteordninga vart og radikalt endra, og dermed også interiøret i domkyrkja. Sidan det vart slutt på helgendyrking og på å lesa sjelemesser, vart alle dei 12 sidealtara fjerna like eins det utstyret som høyrde til den katolske gudstenesteordninga. Dette vart truleg ført til København.
Kannikane miste fleire av arbeidsoppgåvene sine ved overgangen til den nye kyrkjeordninga. Kongen ynskte også å leggja ned domkapitla. Dei vart likevel halde oppe, men med delvis endra arbeidsoppgåver. Katedralskulen var nemleg framleis i bruk etter reformasjonen, like eins Hospitalet. Kongen tok elles over alt kyrkje og klostergods i stiftet. Utstein Kloster vart nedlagt. Dermed forfall også Olavsklosteret i Stavanger. Sokna til Mariakyrkja, Vor Frue, vart slegen saman med domkyrkjesokna. Mariakyrkja vart difor ståande tom. Ho vart seinare teken i bruk som rådhus og lagtingstove. Kongen hadde også planar om å leggja ned heile stiftet det vil seia å dela det mellom Bjørgvin og Oslo. Dette vart likevel ikkje gjort.
Biskopen gjekk over frå å vera mellomalderens fyrstebiskop til ein kongeleg, dansk embetsmann. Han vart både utnemnd og løna av kongen. Kongen tok over det meste av jordegodsa og eigedomane hans. Bispegarden vart nytta til verdslege føremål, mellom anna til lensherreresidens på 1600-talet.
Berre den fyrste protestantiske biskopen var norsk. Alle dei andre biskopane fram til 1682 var danskar. Fleire av desse har sett varige minne etter seg. Dette gjeld særleg Jørgen Erikssøn. Bispetida hans frå 1571 til 1604 vert rekna for ein konsolideringsperiode for protestantismen her i stiftet. Kolsrud seier det slik at med Jørgen Erikssøn vart reformasjonen fyrst for alvor gjennomført i Stavanger stift. Dei mange kyrkjeinteriøra i den såkalla Stavanger-renessansen som er bevarte her i distriktet, vitnar om eit storslege byggjeprogram frå hans side.
Stavanger vart ein kjend stiftsby under Jørgen Erikssøn. Kongevitjinga i 1607 er eit teikn på dette. Kong Christian 4. avgjorde at den norske kyrkjeordinansen skulle kunngjerast frå Stavanger, ved at han sjølv kom til byen. Det kan sjå ut som om Stavanger bispestol kom seg lett på fote att etter innføringa av reformasjonen. Grunnen til dette kan delvis tilskrivast dyktige biskopar som Jørgen Erikssøn og ettermennene hans, Laurentius Schavenius og Thomas Wegner. Det var likevel kongen nede i København som hadde det avgjerande ordet når det galdt bispestolen. Kongen hadde og andre planar med Stavanger og med bispestolen, alt eit par tiår etter besøket sitt i 1607. I 1641 grunnla Christian 4. Christiansand. Dette var byrjinga til slutten for den eldre bispestolen i Stavanger.
Etter kongelig påbod i 1631 vart stiftsgrensene regulerte slik at Oslo stift fekk Hallingdal og Valdres prosti. Stavanger fekk i staden Øvre Telemark prosti. Dette påbodet var også i tråd med Stavanger-biskopen sine ynskje. Det fall tungt for han å administrera det store stiftet slik det var. Kongepåbodet i 1682 om å flytta bispestolen til Christiansand, var derimot eit direkte resultat av politikken til kongen, Christian V. Kongen ynskte å gjera Christiansand til eit politisk/økonomisk og geistleg sentrum for denne landsdelen. Christiansand låg nærmare København og meir sentralt til i stiftet etter grensereguleringa av 1631.
Med bispestolen miste også Stavanger katedralskulen. Denne vart flytt til Christiansand i 1686. Samstundes miste byen byprivilegia sine. Bybrannen i 1684 hadde dessutan råka den sentrale delen av Stavanger.
Både Stavanger by og Stavanger bispestol vart med andre ord nedlagde på 1680-talet. Vi ser her den store skilnaden det var mellom den katolske mellomalderbispestolen og den protestantiske 1500- og 1600-tals bispestolen. Mellomalderbispestolen var ein sjølvstendig maktinstitusjon som også dominerte Stavanger by, medan både bispestolen og byen på 1500- og 1600-talet vart dirigerte frå København. Alt i 1690 fekk byen privilegia sine attende. Det skulle derimot gå over 200 år før den nye Stavanger bispestol vart oppretta. Dette skjedde fyrst til 800 års jubileet i 1925.
Historia om Stavanger bispestol er difor eigenleg historia om tre innbyrdes forskjellige bispestolar. Når vi i dette oversynet likevel har lagt hovudvekta på mellomalderbispestolen, er dette fordi forskarane opp til i dag så å seia berre har konsentrert seg om denne eldste bispestolen.
Litteratur som omhandlar Stavanger bispestol:
Aas, E.: Stavanger katedralskoles historie 1243 – 1826. (1925)
Blom, G. A.: Stavangerprivilegiet. Fedrane kyrkje i Rogaland. (1964) Brøgger, A. W.: Stavangers historie i middelalderen. (1915)
Bull, E.: Et kloster i Stavanger. Stavanger Museum årbok 1910.
Daae, L.: Om Stavanger stift i middelalderen. Historisk Tidsskr. 1899. Elgvin, J.: En by i kamp, Stavanger bys historie 1536 – 1814. (1956) Fischer, G.: Domkirken i Stavanger. (1964)
Fischer, G.: Utstein Kloster, kongsgård - kloster - herregård. (1965) Helle, K.: Stavanger - fra våg til by. (1975)
Kloster, R.: Stavangerrenessansen i Rogalands Kirker. (1936) Kolsrud, 0.: Stavanger bispestol. Norvegia sacra, b. 2, 1922.
Kolsrud, 0.: Stavanger bispestol. Stavanger 1125-1425-1925. (1925)
Lexow, J.H.: Middelalderens stenkirker i Rogaland. Stavanger Turistforenings årbok 1957. Lexow, J.H.: Kongsgård. Stavanger Museum årbok 1960.
Sandåker, 0.: Håkon Håkonsson og Stavangerprivilegiet. Historisk Tidsskr. 1970. Steinnes, A.: Klostergods i Rogaland. Ætt og Heim 1962.