No får du ein unik sjanse til å bli med på kipekurs med Hege Iren Aasdal på Jernaldergarden. Kurset startar opp i mai så kvifor ikkje gi det i julegåve til deg sjølv eller ein annan?
Med inspirasjon frå rike korgtradisjonar
Hege Iren Aasdal har sveinebrev som korgmakar og har i 2020 - 2023 hatt eit stipendiat frå Norsk handverksinstitutt. Ho brenn for å produsera korger direkte frå naturen rundt seg og å føra vidare tradisjonar og kunnskap - både om bearbeiding og om fletteteknikkar. Ho haustar materialet til korgene lokalt. Med dette som grunnlag flettar ho haldbare, praktiske og vakre korger basert på og inspirert av våre rike korgtradisjonar.
Har du tenkt på kva ein brukte til å bera daglegvarer heim frå torget i ei tid utan bereposar i plast? Stavanger feirar 900-års jubileum i 2025. Kan du sjå for deg korleis du hadde levd då? Sannsynlegvis hadde du brukt ei korg eller sekk av organisk materiale, slik som ei kipe.
Innhaldet i kurset
- Dato: Fredag 23. mai – søndag 25 mai.
- Sted: Besøkssenteret på Jernaldergarden, Madlamarkveien 152.
- Varigheit: 20 timar (fredag kl. 16.00 – 21.00, laurdag 09.00 – 17.00 og søndag 09.00 – 16.00)
- Materialkostnad: 500 kr. - 700 kr. Blir betalt direkte til lærer på kurset.
- Kurspris pr deltakar: 2700 kr. (Materialkostnader kjem i tillegg).
Visste du at -
Ei kipe er ei korg i splitta trevirke? Ei kipe har vore mykje brukt her på Vestlandet der ein måtte bera alt frå poteter til høg og ved i bratte lier. Korga har uendeleg mange bruksområde. Den er både haldbar og reparerbar.
Her kan ein velja mellom ei lita ryggkipe, handkipe eller hankakipe. Fellesnemnaren er at dei har trebotn og spilar i tørt materiale, medan flettematerialet er ferskt.
I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange ulike typar korger i splitta materiale. Ein delte pinnar for å laga dei smidige nok, og jamne nok til å fletta med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, så dei må behandlast for å vera jamne og like nok til å bli sette saman til ei korg. Denne bearbeidinga blir for hand gjord, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruka mange ulike materiale. Som deltakar på kurset, lærer du å splitta og behandla materialet for hand, og laga alt materialet til eigne korger.
Meld deg på!
Påmelding skjer ved å kjøpa billett i denne lenkja. Påmeldinga er bindande.
Dei påmelde vil bli kontakta i forkant av kurset for å få avklart kva type av dei tre korgene på biletet dei ønskjer å laga, slik at riktig materiale kan bli hausta inn før kurset.