Årsfest i eit annleis år

Korleis UiS har møtt utfordringene pandemien har ført med seg, var sentralt da rektor Klaus Mohn talte på årsfesten til Universitetet i Stavanger. Men rektor hadde òg blikket vendt framover.

Publisert Sist oppdatert
Rektor Klaus Mohn taler på årsfesten 2020

Mohn mintest den brå overgangen då Noreg 12. mars vart stengt ned.

–  Men i fellesskap fekk me hjula i gang igjen. Takka vere Teams og Zoom. Takka vere evna og viljen tilsette og studentar har vist til tilpassing og omstilling. I ein periode prega av eit høgt behov for omstilling og nytenking i organisasjonen har tilsette vore innovative, skapt heilt nye nettbaserte utdanningar og realisert nye korona-relaterte forskingsmoglegheiter, sa rektor.

– Samstundes har me delt som best me kan med ei omverd i krise. Arbeidskraft, kompetanse, utstyr og laber er stilt til rådvelde for helsevesenet. To forskarar frå UiS blei oppnemnde i viktige nasjonale utval som skal handtere krisa, og mange har drive omfattande deling av koronarelatert forsking og kunnskap i media gjennom kronikkar, intervju, føredrag og webinar. Slik har vi bidratt til å opplyse befolkninga om ei rekke ulike sider av pandemien, sa han.

Årsdagen for vedtak om oppretting av UiS

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år.  På denne datoen i 2004 blei det vedteke i statsråd at Stavanger skulle få Noregs femte universitet. 

På grunn av koronasituasjonen var årsfesten i år berre for spesielt inviterte, men festen ble  strøyma slik at alle som ville kunne få han med seg.

​​​​​​​Årsfesten baud på musikk av studentar frå Fakultet for utøvande kunstfag ved mezzo-sopranen Marie-Elise Herredsvela og Maria Bue Kessel på piano.

Dei store utfordringane

I talen sin viste Mohn til at pandemien – ved sidan av klimatrusselen – er ei av dei største utfordringane i vår tid og at det å møte dei store samfunnsutfordringane med forsking, utdanning og nyskaping er i kjerna av UiS sitt hovudoppdrag som universitet.

– Nettopp dei store samfunnsutfordringane står sentralt i UiS sin nye strategi fram mot 2030 som nett vart vedteken av UiS-styret. Strategien seier noko om vårt overordna mål: grøn omstilling og kva me skal arbeide med for å nærme oss målet. Dei tre faglege temasatsingane; Energi, Helse og velferd, og Læring for livet. Sist, men ikkje minst gjev strategien signal om korleis me skal arbeide for å få det til  gjennom eit godt lærings- og arbeidsmiljø og  eit opent universitet, sa Mohn.

Han sa seg svært nøgd med at UiS har fått på plass ei meriteringsordning som belønner gode undervisarar.

– Me ønsker å skape ein god kultur for at våre undervisarar skal kunne utvikle seg som pedagogar, sa rektor.

Mohn trakk òg fram at UiS i år igjen har rekordmange disputasar og at UiS for tredje året på rad publiserer meir per vitskapleg tilsett enn dei fleste andre universiteta i Noreg.

Medisinutdanning

Klaus Mohn peikte på at helse er eit viktig satsingsområde for UiS og kunne fortelje at dei interne førebuingane av ei medisinutdanning ved UiS no er ferdige.

– Styret har godkjent etableringa og i går, 28. oktober, blei medisinprogrammet akkreditert av utdanningsutvalet. Næringsliv og politikarar i regionen meiner med oss at det å legge ei nyskapande medisinarutdanning til UiS er det beste for landet. Me har gjort vårt. Alt me no treng er at politikarane gjev oss gradsrett og studieplassar. Det fortener Helse-Noreg, oppsummerte rektor.

Prisar til partikkelfysikk, entreprenørskap og dataverkstad

Tre prisar blei delt ut årsfesten.

Lyse sin forskingspris ble delt ut av konserndirektør Grethe Høiland i Lyse. Prisen gjekk til forskningsmiljøet for partikkelfysikk og kosmologi ved UiS.

Gruppa består primært av professorane Anders Tranberg og Tomas Brauner, og førsteamanuensane Alexander Rothkopf, Germano Nardini, Alex Nielsen og Aleksi Kurkela.

SR-bank sin innovasjonspris ble delt ut av konserndirektør Thor-Christian Haugland i SR-Bank. Prisen gjekk til førsteamanuensis Mahmoud Khalifeh ved UiS. Juryen seier i grunngjevinga at Khalifeh har vist ei usedvanlig evne til å konkretisere forskingsresultat i patentar og teknologiske løysingar.

Utdannings- og læringsmiljøprisen ble delt ut av rektor Klaus Mohn og leiar for Studentorganisasjonen I Stavanger, Philip Jamissen. Prisen gjekk til Dataverkstaden ved universitetsbiblioteket ved UiS.

Juryen seier i grunngjevinga at Dataverkstaden er viktig både for studentar og tilsette ved UiS. Programvarene som verkstaden gjev opplæring i er ei hjelp i læring ved alle fagområde som tilbys ved universitetet.  Gjennom programvarene verkstaden tilbyr får studentar forståing av metodefaga, både kvalitative og kvantitative metodar.

Rekordmange nye doktorar

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til dei som har disputert sidan forrige årsfest. I alt 65  kandidatar har disputert i denne perioden- som altså er ny rekord.

På grunn av koronasituasjonen har fleire av kandidatane disputert digitalt eller halvdigitalt.

Fem av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora:  Margrethe Sønneland, Ksenia Solheim, Aron Gauti Laxdal, Hanne Egenæs Staurseth og Dieuwer ten Braak.

Seks av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Fikru Kefyalew Alemayehu, Memory Jayne Tembo, Steinar Vee Henriksen, Martin Meggele Sjøen, Ingrid Laukeland Djupegot og Nina Thorbjørnsen

Fire av kandidatane var frå  Handelshøgskulen ved UiS: Olaug Øygarden, Nina Hjertvikrem, Ana Filipa Faria Lopes og May Linn Auestad.

Åtte av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet: Benjamin Anathory Kamala, Ingrid Ølfarnes Røysland, Kristian Ringsby Odberg, Ann Mari Gransjøen, Elin Salemonsen, Lise Sæstad Beyene, Une Elisabeth Stømer og Malin Knutsen Glette

42  av kandidatane var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet: Shuo Zhang, Shaghayegh Javadi, Tore Askeland, Jayachander Surbiryala, Xiaoan Zhong, Dario Garigliotti, Albert Lunde, Sindhu Kancherla, Lilian Strand Ree, Kristen Rege, Faraz Barzideh, Knut Espen Solberg, Tijana Livada Voake, Ole-Erik Vestøl Endrerud, Cristina Viorica Heghedus, Pengyu Zhu, Øyvind Meinich-Bache, Yangyang Qiao, Ekaterina Wiktorski, Jaspreet Singh Sachdeva, Nirosha Adasooriya, Zahra Aghaeifar, Valeri Aristide Razafimanantsoa, Gunhild Fjeld, Jahn Otto Waldeland, Muhammad Yahya, Kjartan Kloster Osmundsen, Fabian Rocha Aponte, Eric Cayeux, Ursula Alejandra Landazuri-Tveteraas, Ben David Normann, Qiuyuan Zhang, Matthew Terje Aadne, Bereke Kairanov, Henrik Langdalen, Jarle Urdal, P.D. Malitha Maduranga Amaratunga, Qian Zhang, Christer Helleland, Kjetil Bårdsen, Daniel Myklatun Tveit, Luis Alberto Rojo Moraleda og Nina Gran Egeland.

Tekst: Elin Nyberg

Foto: Elisabeth Tønnessen