Industriell teknologi og driftsleiing på topp hos UiS-studentane

Av alle studieprogram ved Universitetet i Stavanger (UiS), er det masterprogrammet i industriell teknologi og driftsleiing som kjem best ut. Studentane Henrik, Ian og Tilla peikar på god kommunikasjon med førelesarar, som ein av grunnane til det gode resultatet.

Published Sist oppdatert

– Det er tett oppfølging frå førelesarane. Det er veldig låg terskel for å spørje om ting, og du blir liksom litt kjent med dei sidan det er mindre klassar, fortel masterstudent Ian Krabberød McNicol (24).

Han er på det siste semesteret av mastergraden i industriell teknologi og driftsleiing. Eit studium som får 5,0 poeng og toppscore i Studiebarometeret for 2023, som nyleg blei offentleggjort.

Studiebarometeret er ei nasjonal undersøking, der studentar blir spurt om korleis dei opplever kvaliteten på sitt studium. I oktober kvart år, mottek andre- og femteårsstudentar ein invitasjon frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) til å seie si meining.

Tilla Kristensen (23) synest det er bra at studiet i industriell teknologi og driftsleiing har mykje gruppearbeid.

– Vi snakkar og diskuterer saman. Det er god kommunikasjon mellom førelesarane og studentane, seier ho.

Gir ros til førelesarane på studiet

Fem personer i klasserom
F.v. Ian Krabberød McNicol, Idriss El-Thalji, Tilla Kristensen, Henrik Viken og Jayantha Prasanna «JP» Liyanage.

– Kva trur de er grunnen til at nettopp dette studiet gjer det så bra i Studiebarometeret for 2023?

– For det første er det eit veldig relevant studium. Det merkar du når du kjem inn på studiet. Du er veldig ettertrakta, og får ein relevant og kul jobb. For det andre er læringsmiljøet veldig bra. Eg føler undervisarane legg vekt på at du skal lære, framfor at du skal «bli sett karakter på.» Å få det store biletet. Førelesarane er flinke. Det er kjernen i det, seier Henrik Viken (27).

Studiet i industriell teknologi og driftsleiing er samansett.

– Det handlar om leiing, men også vedlikehald av system. Det er på ein måte heile livsløpet til det vi kallar ein «asset». Det kan vere ei maskin eller ein oljeplattform til dømes. Så skal vi lære korleis ein driftar det best mogleg gjennom livsløpet. Då er det både leiaraspektet, men også teknisk vedlikehald, forklarar Ian.

– Det er ein bratt læringskurve frå du kjem inn på studiet, til du går ut. Du føler at du veks veldig. Ikkje berre at du har faga, men også at du veks som person – med tanke på det å ta ansvar for eiga læring, seier Henrik.

Alle dei tre masterstudentane peikar på førelesarane som ein viktig årsak til at studentane er så fornøgde med studiet.

– Eg trur det at professor «JP» og Idriss har fått moglegheita til å byggje studiet på deira måte – slik dei trur vi lærer best, har vore nøkkelen til dei gode resultata. Dei er veldig flinke, og veit korleis ein lærer vekk noko, meiner Henrik.

– Ein draum å ta masterprogrammet til eit unikt nivå i landet

Professoren som populært blir kalla «JP», heiter eigentleg Jayantha Prasanna Liyanage, og var initiativtakar til masterstudiet frå starten i 2006. Førsteamanuensis og studieprogramleiar, Idriss El-Thalji har jobba ved universitetet i sju år.

Begge fortel at dette studieprogrammet ved UiS er unikt i Noreg, og at det er populært utanfor Norden, i land som til dømes USA, Storbritannia, Australia, Japan og Sør-Korea.

Graf som viser resultat for Industriell teknologi og driftsleiing i Studiebarometeret
Industriell teknologi og driftsleiing ved UiS sitt resultat i Studiebarometeret dei siste åra.

– Sidan starten har det alltid vore ein draum å ta dette masterprogrammet til eit unikt nivå i landet. Det har vi oppnådd. For meg er vi eit «dream team», med Idriss og Jawad Raza, som også underviser på studiet, seier «JP».

På spørsmål om kvifor dei trur studentane deira er mest fornøgde på UiS, kjem det kontant frå Idriss:

– Det er hemmeleg.

Begge ler.

– Ein del av hemmelegheita trur eg er at vi har designa våre eigne læringsaktivitetar og emner. Vi brukar praktiske eksempel. Eg trur måten vi samhandlar med studentane på er viktig. Korleis vi tar vare på dei heilt frå første informasjonsmøte som nye studentar, og fram til dei har levert masteroppgåva, seier «JP».

Han får støtte frå Idriss:

– Vi har ein mangfaldig måte å undervise på. «JP» legg mest vekt på «case-studiar». Eg har prosjekt. Eg trur vi har mange liknande måtar å lære vekk på. Mange «workshops» i grupper, for å nemne noko.

Brukar tid på å forstå studentane

«JP» peikar på at dei er opptekne av å forstå studentane sitt potensial:

– Vi brukar mykje tid på å forstå kven studentane er, kva for ein bakgrunn dei har, og å forstå kva potensial dei har. Når ein student kjem og snakkar med oss, skjønar vi kva som er deira styrker og svakheiter, og så kan vi peike i riktig retning for deira utvikling, forklarar han.

To menn og to skjermar i klasserom. Mann peikar på skjerm.
Førsteamanuensis Idriss El-Thalji og professor Jayantha Prasanna «JP» Liyanage er godt nøgde med resultatet i Studiebarometeret.

– Måten vi strukturerer emnene og programmet på, gir studentane fleksibilitet. Det er ein miks, og ikkje berre éin grunn til at vi gjer det så bra. For å oppsummere det, kan eg seie at vi forstår studentane sine forventningar. Vi er gode på å kommunisere med dei, seier Idriss.

Studentane fortel også om ein unik undervisningsmetode, som er vanskeleg å kopiere:

– Lærarane er veldig flinke. Og så er det eit unikt studium. I alle fall dei faga vi har med «JP». Det er veldig personleg. Eg føler det er berre han som kan ha dei faga. Det er ikkje konkrete fasitsvar. Det er veldig mykje snakking. Han prøver å gjere oss kjent med industrien på hans måte. Det trur eg er veldig sunt før ein skal ut i næringslivet, seier Henrik.

Idriss trur den geografiske plasseringa av studieprogrammet også er svært viktig.

– Vi er heldige som er i Stavanger, for her er mange gode arbeidsplassar i nærområdet. Dei fleste av studentane får jobb i løpet av andre semester på mastergraden, fortel han.

LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet

Studiebarometeret ved UiS

Formålet med Studiebarometeret er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning, og gje nyttig informasjon om studiekvalitet. I 2023 fekk om lag 71.000 studentar over heile Noreg tilbod om å delta i undersøkinga.

Den nasjonale svarprosenten er på 40 prosent. Ved UiS svarte 46 prosent av dei spurte andre- og femteårsstudentane. Dette er ein framgang på 3 prosent frå 2022.

Studiebarometeret brukar ein skala frå 1 til 5, der 5 er mest fornøgd/mest einig.

Sjå kva slags andre studieprogram ved UiS som gjorde det bra i Studiebarometeret 2023:

Ti på topp ved UiS:
5,0 – Industriell teknologi og driftsleiing, master
4,6 – Fjernsyns- og multimedieproduksjon, bachelor
4,6 – Spesialpedagogikk, master (deltid)
4,5 – Nordisk og lesevitskap, master
4,4 – Helsesjukepleie, master
4,4 – Arbeidsplassbasert barnehagelærar, bachelor
4,4 – Byplanlegging og samfunnssikkerheit, bachelor
4,3 – Risk Analysis, master
4,3 – Spesialpedagogikk, master (heiltid)
4,3 – Paramedisin, bachelor