Siv (26) er nyutdanna frå populært studium – klar for jobb i Tolletaten

Det aller første kullet med studentar frå toll, vareførsel og grensekontroll er no uteksaminerte frå Universitetet i Stavanger (UiS).

Publisert Sist oppdatert

– Vi er skikkeleg heldige som har fått teke ei slik utdanning, seier Siv Meyer (26), som nyleg har fullført studiet.

Ho tok først ei jusutdanning, og tenkte eigentleg å starte på ein mastergrad etterpå. Men så oppdaga ho eit nytt studium i toll, vareførsel og grensekontroll ved UiS i 2021. Bachelorgraden er utvikla i samarbeid med Tolletaten. Utdanninga er den einaste av sitt slag i Noreg.

– Det høyrdest utruleg interessant ut. Eit arbeid der ein kan vere med på å gjere ein forskjell kvar dag. Å ta del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Snart startar ho i ny jobb på hovudkontoret til Tolletaten. Ho skal jobbe i den juridiske seksjonen.

Portrettfoto av kvinne
Siv Meyer var leiar i linjeforeininga BaTo i to år. Ho tok initiativ til å starte ei linjeforeining allereie i fadderveka.

– Det har vore fint med ein juridisk bakgrunn, sidan det er mykje jus på tollstudiet. Alt av arbeid som tollarar gjer, er regulert av lovverk. Å ha forståinga for det, er veldig sentralt og viktig. Eg er stolt og audmjuk over å få ta del i den viktige jobben Tolletaten gjer, seier ho.

Det mest populære studiet ved UiS

Siv har vore student på eit svært populært studium. Det er den mest populære utdanninga ved UiS, med heile 1111 søkarar til 60 studieplassar dette året. Det sjuande mest søkte studiet i landet. Då studiet var nytt i 2021, var det 2064 søkarar til 35 studieplassar.

– Eg trur nok serien «Toll» på TV2 kanskje kan ha inspirert mange til å velje dette studiet. Det var i alle fall slik eg fekk auga opp for utdanninga.

Førsteamanuensis i risikostyring og samfunnssikkerheit ved UiS, Christian Henrik Alexander Kuran, har også ein teori om kvifor søkartala er så gode:

– Studentane ynskjer å gjere ein forskjell. Dei ynskjer å vere ein del av det samfunnsoppdraget som Tolletaten har. Og ikkje minst så skal ein jo ikkje «stikke under stol» at det i verda er store politiske endringar og auka sikkerheitsutfordringar, som ikkje minskar at Tolletaten er ein sentral aktør i vernet av Noreg.

– UiS og Tolletaten har alltid lytta til studentane

Tysdag 21. mai var det avslutning for det første avgangskullet på toll, vareførsel og grensekontroll.

– Å sjå det første kullet bli uteksaminert er veldig gøy, og sjølvsagt litt emosjonelt, seier Kuran.

– Det har vore så fint å vere student på UiS. Både UiS og Tolletaten har alltid lytta til studentane når vi har kome med våre tilbakemeldingar. Der har UiS vore veldig profesjonelle, meiner Meyer.

Bunadskledde mennesker på bacheloravslutning
Avslutning for det første kullet med bachelorstudentar på toll, vareførsel og grensekontroll tysdag 21. mai 2024.

Kva er det viktigaste du har lært i løpet av desse tre åra?

– Eg har lært så utruleg mykje. Det kjekkaste er praksis. Det er veldig mykje sjølvutvikling. Ein reflekterer over sterke og svake sider. Praksis er ein annan type læring.

Ho utdjupar:

– På universitetet får vi den faglege kompetansen. Du forstår det du lærer, men det er vanskeleg å forstå korleis du skal få brukt alt du lærer. I Tolletaten er mykje taushetsbelagt, og ein har lite innsyn. I praksisperioden fekk vi sjå korleis vi faktisk skulle bruke det vi lærte på studiestaden, i tillegg til at vi sjølvsagt lærte mykje nytt.

Med over tusen søkarar til tollstudiet, har karaktersnittet vore høgt blant studentane.

– I praksisperiodane har vi fått høyre frå mange at studentane er teoretisk meget sterke, og det gler oss at den meir akademiske sida av utdanninga når fram. At studentane meistrar det, og at Tolletaten ser at det er behov for akademisk utdanna tollarar, fastslår Kuran.