Konsert? Teater? Quiz? Stand Up? På Folken, studentane sitt kulturhus i Stavanger, ventar kanskje ditt livs konsertoppleving, ein heidundrande fest i Grottene, eit roleg parti sjakk over ein pils eller ein kopp kaffe i Kafé Akvariet.
![Konsert i storsalen på Folken](/sites/default/files/2022-06/John%20Rodger.jpg)
Konsert i Storsalen på Folken. Her er det ukentlege konsertar, minst! Foto: John Rodger/Folken.
![Artist på scenen på Folken](/sites/default/files/2022-06/TeodorB%C3%B8.jpg)
Folken er ein viktig kulturarena for heile regionen, med musikk i alle sjangrar. Foto: Teodor Bø/Folken.
![To studenter med filmkamera på studenthuset Folken](/sites/default/files/2022-06/JohannaInsteb%C3%B8-kopi.jpg)
Folken blir i stor grad drive av frivillige studentar knytt til dei ulike “husgjengane”. Her er Fotogjengen i aksjon. Foto: Johanna Instebø/Folken.
![Artist Izabell på scenen på Folken](/sites/default/files/2022-06/Martin%20Miranda%20Basauri5.jpg)
Artisten Izabell lagar liv i Storsalen. Foto: Martin Basauri/Folken.
![Folken. Foto: Siri Jeanette Pedersen](/sites/default/files/2020-08/3580_17_04_18.jpg)
Folken er ein kjempefin stad å engasjere seg som student!
![Dansende studenter på Folken omgitt av ballonger](/sites/default/files/2022-06/Folken%20ballong.jpg)
Dans, fest og moro på Folken!
![Huset Folken med hovedinngang](/sites/default/files/2022-06/Folken%20original.jpg)
Folken ble åpna som studenthus i 1988 og drives av Stiftelsen Studentersamfunnet Folken.
Folken er studenthuset i sentrum, der Ny Olavskleiv møter Løkkeveien. Der studentar møtast, uavhengig av utdanningsinstitusjon. I tillegg til å vere studentane sin møtestad i sentrum er Folken òg ein viktig kulturarena for heile regionen, kor rytmisk musikk i alle sjangrar blir presentert heile året. Som konsertscene er Folken etablert lokalt og nasjonalt.
Bli med som frivillig
Folken er òg ein kjempefin stad å engasjere seg som student. Huset blir i stor grad drive av frivillige studentar knytt til dei ulike “husgjengane”, som Servering-, Lyd- og Lys, Foto- og Musikkgjengen. Å bli frivillig på Folken er ein kjempefin måte å lære litt ekstra ved sidan av studiet, og samtidig treffe nye venner!
Viss du vil bli med som frivillig, eller har fleire spørsmål rundt det, kan du sende oss ein e-post: blimed@folken.no.
Leig lokala våre gratis
Leig eit av våre lokale gratis til studentfestar eller andre studentrelaterte arrangement. Vi har tre lokale: Storsalen, Grottene og Akvariet.
Sjekk ut www.folken.no for meir informasjon!
Huset blir i stor grad drive av frivillige studentar knytt til dei ulike “husgjengane”, som Servering, Lyd- og Lys og Musikkforeninga. Video er laget av Fotogjengen på Folken, ved Daniel Fatnes, Mattias Eriksson og Johanna Instebø, som alle er fjernsyn- og multimedieproduksjon-studenter ved UiS.
Kontaktinfo Folken
Akvariet
Måndag til onsdag: 18:00 – 00:00
Torsdag til laurdag: 18:00 - 02:00
Søndag ope ved arrangement
Storsalen og Grottene
Ope ved arrangement
Hjemmeside: www.folken.no
Program og billettar: www.folken.no/folken/program
E-post: folken@folken.no
Telefon: 51 56 44 44