SiS sportssenter på campus Ullandhaug

Etter lange dagar på lesesal og i grupperom, er det godt å få pulsen skikkeleg opp. Som student ved UiS treng du ikkje forlate universitetsområdet for å halde deg i form. Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) sitt sportssenter er blant Nordens største sportssenter! Sjekk ut tilbodet deira her.

Publisert Sist oppdatert
Bilde av klatreveggen på SiS Sportssenter, tre høye vegger med fargerike knotter som strekker seg langs veggen.
Nye klatreområdet på SiS Sportssenter. Foto: Adam Aune

Klatring

Kronjuvelen i det nye sportssenteret må vere den flotte klatrehallen, som er eitt av Noregs mest moderne klatresenter med 2000 kvm klatreflater. Med moglegheit for buldring og ein 16 meter lang vegg – alle som vil prøve eller som aktivt klatrar, bør ta turen innom!

Men for nye klatrarar finst det nokre reglar og kurs som må takast. Meir info om dette finn du på SiS.no.

Padel og Squash

Sportssenteret har tre padelbaner som er opne for både medlemer og ikkje-medlemer av SiS sportssenter. I tillegg har senteret éi squashbane som også kan bookast.

Styrkesal

SiS Sportssenter har ein av landets største styrkesalar på 600 kvm, med 130 forskjellige treningsapparat. Utstyret kjem frå marknadsleiarane Life Fitness, Hammer Strength og Eleiko.

Functional Fitness

I underetasjen finn du den splitter nye fitness-hallen på 800 kvm. Hallen har noko for alle – med ATA-rigg, assault runners, løfteplattformer og smith-maskiner har du moglegheit til å trene nesten kvar einaste muskel i kroppen!

Gruppetimer

Det blir arrangert over 90 gruppetimar kvar veke, med alt frå yoga, jogging og meditasjon. Timane kan bookast på sis.no eller i SiS sportssenter-appen.

PT og Treningsveiledning

SiS sportssenter tilbyr gratis konsultasjon og treningsrettleiing med personleg trenar. Viser PT seg å vere noko for deg, tilbyr SiS det via Abel Health. For meir informasjon, kontakt SiS på e-post.

Priser

For meir informasjon om medlemskapsprisar, sjekk tilbodet ut på sis.no.

For info om padelprisar, sjekk tilbodet på sis.no. Og for info om squashprisar, sjekk tilbodet på sis.no.

flere cowbells og andre vekter står i ett rødt stativ på SiS sportssenter

PT-området der du kan få skreddarsydd rettleiing av profesjonelle trenarar. Foto: Adam Aune

Mange spinningsykler står i en halvmåne rundt bildet, på forskjellige trinn.

Det spreke spinningrommet. Foto: Adam Aune

Diverse vektløftningsutstyr på SiS sportssenter

Berre ein liten del av styrkesalen. Foto: Adam Aune

En vektløftings stasjon med en stang og holder i midten, fargerike vekter ved siden av oppå to stativer på hver side..

Functinal Fitness-hallen på ca. 800kvm. Foto: Adam Aune

Fotografi av sportsbanen på SiS sportssenter, diverse sportsutstyr står på banen

Gymsalen der dei ulike idrettslaga ved universitetet trenar og spelar kampar, både mot lokale og nasjonale utfordrarar. Foto: Adam Aune

Bilde av blå padelbaner tatt fra nettet, tre baner etter hverandre

Dei tre nye Padelbanene. Foto: Adam Aune