Opning av Husfruas hall

Då husfrua på Jernaldergarden festa ein ny, blank nøkkel i beltet sitt, markerte det opninga av Husfruas hall. Heile 700 store og små gjester var med på å markere hendinga.

Published Sist oppdatert

Inger Horve, Kristine Vestrheim. Opning av Husfruas Hall
Husfrua heng nøkkelen til Husfruas hall i beltet.

Etter ein sommar og haust med rehabilitering, og nokre vinterveker med innreiing, var endeleg Husfruas hall på Ullandhaug klar til opning sundag 10. februar.

– Dette er ein stor dag, sa dagleg leiar for Stiftelsen Ullandhauggarden, Kristine Vestrheim. Stiftinga vart oppretta på slutten av 1960-talet, då arbeidet med å grave ut og rehabilitere husa på Jernaldergarden starta.

Ny forsking

Langhuset som no er rehabilitert, hadde stått der i nesten 50 år, og hadde stort behov for ei oppgradering. Det er òg kome ny forsking sidan 1960–1970-talet som ein har retta seg etter i konstruksjonen av Husfruas hall.

For eksempel er dørene høgare no enn det dei var i det gamle langhuset.

Tidlegare trudde ein at dei berre hadde sau og geit i fjøset i jernalderen. Men i Danmark har arkeologar funne bein frå både hest og ku i restar etter jernalderhus, og ein antek at dørene kan ha vore så mykje som 1,80 m høge. I Husfruas hall kan ein no gå inn utan å skalle hovudet.

Det er også høgare under taket. Og midt i langhuset er det ein gildehall. På Forsandmoen har arkeologar funne eit hus som liknar på Jernaldergarden og er frå same tidsperiode. Det langhuset hadde eit stort rom i midten, der ein trur det vart helde seremoniar og festar.

Omvisning i Husfruas hall
Mange kom på opninga og vart med på omvisning i det nye langhuset på Jernadergarden.

Ikkje mogleg utan pengestøtte

I tillegg til høgtideleg opning og omvising inne i det nye langhuset på sundag, var det mange aktivitetar på garden. Gjestene fekk bake hellebrød, lære om korleis jernalderfolk fekk eld på bålet, og det vart også bygd ein modell av eit langhus, her krevst skikkelig samarbeid.

Songgruppa Troll i Ord trollbandt publikum med vakker song i gildehallen, og Kafé Ask og Embla hadde som vanleg mykje godt på menyen.

Jernaldergarden er open kvar sundag heile året, med aktivitetar, open kafé og omvisingar.

Det er Høie Ueland som har vore ansvarleg byggfirma, og Husfruas hall kunne ikkje ha opna uten pengestønad frå Sparebankstiftinga SR-bank og Sola kommune.