«Studieverkstedet» organiserer skrivegrupper for deg som skriv masteroppgåve.
Publisert
Sist oppdatert

Vil du halda skriveprosessen i gang, dela erfaringar med andre og få tilbakemeldingar på tekst?
«Studieverkstedet» ved universitetsbiblioteket organiserer skrivegrupper for deg som skriv masteroppgåve.
Skrivegruppene møtest ein gong per veke for å skriva saman i tre timar.
Me stiller med rom og ei innføring i korleis skrivegruppa fungerer. Resten bestemmer gruppa sjølv avhengig av kva deltakarane ønskjer å jobba med.
Tidspunkt:
Tysdagar, 9-12 (ledige plassar)
Om dette høyrest ut som noko for deg kan du senda oss ein e-post.