Måltid med nye venskap

Ein gong i semesteret inviterer «Friends & Foods» ved Institutt for sosialfag til matlaging og sosialt samvær. Kvar gong står eit nytt land på menyen.

Published Sist oppdatert

Fyrste gong publisert august 2019. Tekst: Karoline Reilstad

– Mykje felles

Gjennom å lage mat saman og dele eit måltid, er målet å fremme sosialt samvær blant studentane ved instituttet og bidra til nye venskap.

– Alle har eit forhold til mat. Når me lager mat og et saman, blir me godt kjent, seier Samita Wilson. Ho er stipendiat ved Institutt for sosialfag og koordinerer «Friends&Foods» saman med ei studentgruppe.

Kvar gong er ein student utpeika til frivillig «sjefskokk», og han eller ho lagar mat frå sitt heimland. Andre studentar frå instituttet blir inviterte til å vere med på matlaginga for å lære, og på sjølve måltidet.

– Når me lagar mat, oppdagar me at mykje er likt. Fleire land har liknande rettar, med ulike namn. Det er kjekt å sjå at me har mykje felles, seier ho.

Så langt har dei arrangert to kveldar med «Friends&Food». Den eine gongen med mat frå Afghanistan, og den andre med mat frå Polen.

I tillegg til mat, er det kvar gong quiz om landet dei har mat ifrå. Quizen er både sosial og lærerik, kor lag må samarbeide for å finne rette svar.

– I tillegg til mat, kan ein lære mykje om eit land ein ikkje visste så mykje om frå før. Det er og ein sin moglegheit til å prøve nye rettar, spesielt om ein er lei av å lage den same maten, seier Wilson.

Ikkje berre for internasjonale

Tilbodet er hovudsakleg for bachelorstudentar ved Institutt for sosialfag. Wilson understrekar at både nasjonale og internasjonale studentar ved instituttet er velkomne.

– Studentar frå andre stader i Noreg kan òg vere på leit etter vener eller noko å snakke med, seier ho.

«Food and friends» er ein del av prosjektet «Det lille ekstra» ved Institutt for sosialfag. Målet er bidra til at internasjonale studentar finn seg betre til rette ved instiuttet. Blant anna er det i prosjektet studentassistentar og ekstra akademisk støtte. F&F er den sosiale delen.

Neste arrangement blir gjort kjent på Canvas. Du kan og følge «Friends & Food» på Facebook og Instagram. I tillegg til støtte frå instituttet, er dei takksame for at dei har fått låne kjøkkenet på Norsk Hotellhøgskole.

Studentliv i Stavanger