Blogg: Prøvetrykket i skolen - kor er det skoen trykker?

Det er eit opplevd prøvetrykk i skolen, som kjem til utrykk som frustrasjonar frå lærarar. Frustrasjonar må tas på alvor og me må spørre oss om kva dette er eit utrykk for.

Publisert Sist oppdatert
Lesesenterets blogg

Dette er stedet hvor våre bloggere deler forskning, inspirasjon, refleksjoner eller innspill til aktuelle spørsmål om leseopplæring og leseforskning. Vi håper bloggen vil gjøre deg litt klokere, mer informert og inspirert!

Det er kommunikasjonsavdelingen ved Lesesenteret som driver bloggen, men skribentene står selv ansvarlig for innhold og faglige meninger i sine innlegg. God lesing! Gå til bloggforsiden

Av Per Henning Uppstad, professor i spesialpedagogikk, Lesesenteret

Denne teksten var også Per Henning Uppstads åpningsinnlegg under Lesesenterets paneldebatt på Arendalsuka 2022.

Hurdalsplatformen snuser på dette gjennom å sette eit mål om å gjennomgå det nasjonale kvalitetssystemet "med sikte på å redusere antall prøver", med andre ord at det er udirs prøver som skal reduserast. Dette skal gjerast gjennom eit utval, som skal "gjennomgå bruken av prøver og krav til rapportering og dokumentasjon i skolen". Noko skjer, altså!

Omfanget av utdanningsdirektoratets prøver - altså dei alle elevar i norske klasserom må ta - ser slik ut gjennom åra, for lesing, engelsk og matematikk:  (VIS)

Det kan vere mange grunnar til å revurdere form, innhald og funksjon til prøvene me ser her, men ein rimeleg påstand vil vere at talet på desse ikkje er nok til å skape eit høgt "prøvetrykk".  

Men i tillegg til prøvene som inngår i dette nasjonale systemet får elever eit høgt antall prøver som er bestemt lokalt. Trykket varierer dermed fra skole til skole og frå kommune til kommune.   

Om me berre held oss til lesing, viser studien til Arnesen og kolleagaer fra 2018 eit anna bilete enn det over,  nemleg bruken av kommersielle eller frivillige prøvene som er på marknaden berre på lesefeltet.

Desse prøvene inngår ikkje i det nasjonale kvalitetssystemet, og er utanfor nasjonal kontroll. Utafor all annan kontroll også, faktisk. Arnesen 2018 viser at den mest brukte, den som “alle” brukar - på trinn etter trinn - har ingen dokumentasjon på kvalitet. I den realiteten vil det ha liten eller ingenting å seie om ein reduserer dei nasjonale prøvene, bortsett frå at ein får endå færre prøver som har dokumentert kvalitet 

søylediagram
Arnesen et. al. 2018

Om det nemnde utvalet står det at "deres forslag skal bidra til at skolene kan arbeide mer systematisk med å utvikle kvaliteten på skoletilbudet". Spørsmålet er om det er meir systematikk som trengs. eller om det heller er å få på plass ein klår ideologi for vurdering.

Å klårgjere ein ideologi ville til dømes innebere å seie:  

  1. Vurdering skal først og fremst fremme læring. (sjølvsagt, vil du kanskje seie. Ja, men det er ikkje slik
  2. Vi søker å ha så få formelle vurderingssituasjonar som absolutt nødvendig (nødvendig for kva? for læring! Kutt alt anna.)  
  3. Vurderingssituasjonar skal  vere interessante.  (kom inn i vurderingforskriften i 2020!, men var det nokon som gjorde noko med det? Ein elev som var komen 20 min inn i den 90 min lange nasjonale prøven “dette er som å sitte inne i ein brødristar!”.

For aldri tidlegare har vi hatt større systematikk knytt til rapportering gjennom nye digitale løysingar. Og denne informasjonen har mange sekundære bruksområder, slik som samanlikningar og statusrapportar. 

Mykje tyder på at vi er i ferd med å få ein situasjon der vurderingssverktøy blir stadig viktigare som dokumentasjon - på bekostninga av å bruke dei til å drive god undervisning i klasserommet.

Satt på spissen blir då utviklingssamtalen/foreldresamtalen primært ein dokumentasjonsarena og eit mogleg hinder for god tilpassa opplæring i klasserommet, ved at fokuset for vurderingspraksisen er endra. 

Me har kanskje kome i skade for å gå frå vurdering for læring til vurdering for dokumentasjon.  

Viss så, burde ein ikkje snudd på prøveutvalet si oppgåve: og først gå gjennom dokumentasjonskrava med sikte på å redusere dette? Og når dokumentasjonskrava evt var letta på, kunne lærarar svara på kva prøver dei treng, slik dei gjorde då kartleggingsprøvene i si tid blei laga som respons på eit uttrykt behov.  

Altså: Har vi eit prøveregime, eller har vi eit dokumentasjonsregime?  

Det er ikkje uvesentleg, for det er eit spørsmål om kva som dreier rundt kva. Husk at då eit heliosentrisk verdsbilete vann fram på bekostning av eit geosentrisk, handla det om dei same objekta i verdsrommet, men innebar ein heilt annan forklaringsmodell, og samtidig kunne ikkje båe modellane vere gyldig samstundes.  Slik er det kanskje også med dei påståtte regima.  

Hurdalsplatformen ser ut til å helle mot den tradisjonelle oppfatninga, om at det er prøvene alt anna dreier rundt. Men dersom det er omvendt: at prøvene i skolen dreier rundt rapporteringskrava, kva er løysinga då?  

Kontakt forfatteren:

Professor i spesialpedagogikk
51831268
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking