Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM) fokuserer på natur- og livsvitskapleg forsking, innovasjon og utdanning.
116
270
Om institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi
Instituttet er ein del av Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, og har tre hovudoppdrag: forsking, innovasjon og utdanning.
Forsking ved instituttet blir fordelt på eit vidt spekter av fagområde frå syntetisk kjemi til molekylærbiologi. Instituttet sitt mål er å vere ein partner i regional, nasjonal og internasjonal forsking, og vi har fasilitetar med topp moderne utstyr for tverrfaglege forskingssamarbeid.
Innovasjon er ein nøkkel i tekniske fag. Ved instituttet leitar vi etter nye måtar å tenkje på, utvikling av nye metodar og halde oss oppdaterte på aktuell forsking innan interessefelta våre.
Utdanning er ein hjørnestein i samfunnet. I forsking og i livet er vankunne ikkje ein dyd. Instituttet har som mål å gi fyrsteklasses utdanning frå grunnfag til forskarutdanning. Vi er også involverte i offentlege aktivitetar for forskingsformidling, der vi informerer ålmenta om kjemi, miljø, biologi og forskings og- utdanningsområda våre.
Studietilbod
Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM) tilbyr fire studieprogram (sjå tilbod under). Våre studentar kan velje mellom eit breitt utval naturvitskaplege emne. I tillegg tilbyr vi ph.d.-program i kjemi og biovitskap.
3-årig bachelor
2-årig master
Ph.d.
Forsking i kjemi, biologiske vitskapar og miljøteknologi
Planeten vår står overfor mange utfordringar som må taklast gjennom tverrfagleg samarbeid. Ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi forskar vi på helsa til menneske, dyr, planter og miljøet.
Les meir om forskinga ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM).
Forskingsgrupper:
- Cellulær metabolisme og døgnsystemer
- Metabolsk fleksibilitet i cellesystemer
- Porøse materialar – kjemi, karakterisering og bruk
- Proteinfosfataser og signalering
- Økotoksikologi og miljøovervaking
- ÅNDE – Biogenese av fotoautotrofi
- Molekylær parasittologi og mitokondriell biokjemi
- Organisk kjemi
- Grøn og berekraftig kjemi
Les meir om instituttet
Kontakt oss
Fakultetsadministrasjonen TN
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for utdanningsadministrative tjenester
Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
Kjølv Egelands hus, C-blokk (2. etg) Kristine Bonnevies vei 22, 4021 Stavanger